Silsetvatnet nedtappa
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nedtapping av Silsetvatnet

  • Set opp straumgjerde

    Gjørma som omgir det nedtappa Silsetvatenet i Gjemnes, er så farleg å gå ut på for folk og fe, at det no er sett opp straumgjerde rundt vatnet for å hindre ulukker. Nedtappinga av Silsetvatnet gjer at gjørmebotnen for ein stor del er blottlagd, og det kan vere livsfårleg å gå ut på gjørma.

    Silsetvatnet nedtappa
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK
  • Til fare for folk og fe

    Det nedtappa Silsetvatnet i Gjemnes utgjer ein så stor fare for folk og fe at turfolk blir åtvara ekstra mot å gå ut på den blottlagde gjørmebotnen. Området er godt skilta med åtvaringar og no er det også kome opp straumgjerde for å halde husdyra borte. Hytteeigar Odd Magne Solenes er skremd av at at folk risikerer livet ved å gå ned i det gjørmete området og åtvarar om farane.

    Silsetvatnet nedtappa
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK