Nedgang i folketalet

Møre og Romsdal har hatt ein nedgang i folketalet dei siste tre månadene, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 23 av dei 35 kommunane hadde nedgang i folketalet i denne perioden, medan 26 har hatt nedgang sidan nyttår. Så langt i år har Norddal hatt største prosentvise nedgangen med 2,4 prosent, deretter Averøy, Vanylven og Sande. Størst prosentvis vekst i folketalet har Ålesund kommune hatt, deretter Giske.