Kvartalet enda med eit underskot på over 900 millionar kroner, melder Norsk Hydro i ei pressemelding.
– Venta vekst
Det underliggjande resultatet for aluminiumsleverandøren, før finanspostar og skatt i andre kvartal, var på 518 millionar kroner.
Det mot 531 millionar i same kvartal i fjor.
– Sjølv om situasjonen i verdsøkonomien framleis er krevjande, er det venta framleis stor vekst i etterspurnaden etter aluminium dette året, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg i Norsk Hydro.
Hydro ventar framleis på ein balansert marknad for tilbod og etterspurnad etter aluminium i 2013, fortel konsernsjefen vidare.
(NPK/NTB)