Hopp til innhold

Fredriksen: – Spelarstallen er komplett

Nederlandske Edwin Gyasi har signert ei kontrakt med AaFK ut 2018, det melder klubben i ei pressemelding.

Trond Fredriksen

AaFK-trenar Trond Fredriksen er fornøgd med den nye signeringa.

Foto: Remi Sagen / NRK

24-åringen kjem frå den nederlandske fotballklubben Roda JC og har kontrakt med AaFK ut 2018-sesongen.

Hovudtrenar Trond Fredriksen er fornøgd med signeringa.

– Med utgangspunkt i spelestil og klubbens verdiar er dette ei kvalitetssignering både på og utanfor banen. Edwin er ein rask, nærmast eksplosiv spelar med gode dribleferdigheiter. I tillegg er han som oftast plassert i "riktig" retning, altså mot mål, seier han.

Fredriksen meiner at Gyasi er ein spelar som klubben har leita lenge etter.

– Han vil utfylle stallen på ein ypparleg måte. Vi meiner at stallen er komplett med denne signeringa, og gler oss til første heimekamp mot Stabæk 11. mars, seier han.

Overfor NRK presiserer Trond Fredriksen at Franck Boli fremdeles ikke har skrevet under for klubben. Ivorianeren har trent med klubben i flere uker og spilt en rekke treningskamper. Fredriksen vil ikke kommentere hva som er årsaken til at angriperen fremdeles ikke er klar.

Variert bakgrunn

Den nederlandske kantspelaren er kjent for sin hurtigheit og har vore innom både Twente, AZ Alkmaar og De Graafschap før han signerte for Roda. Denne sesongen spelte han også 18 kampar i Æresdivisjonen for Roda.

I januar var han lenka til fleire Championship klubbar i England samt Stuttgart og Napoli, men no har han altså valt AaFK, til stor glede for klubben sjølv.

– Eg trur han er ein type som fort vil bli ein publikumsfavoritt og ta Tippeligaen med storm, seier Fredriksen til AaFK.no.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL