Hopp til innhold

– Eit nederlag viss Ap ikkje klarer å stille liste

Fylkessekretær Egil Ekhaugen meiner at det er svært viktig for Arbeidarpartiet å klare og stille lister i alle kommunane i fylket ved kommunevalet neste år.

Egil Ekhaugen

Fylkessekretær Egil Ekhaugen håper at Ap klarer å stille lister i heile fylket til neste kommuneval.

Foto: AP

– Eit nederlag dersom Arbeidarpartiet ikkje klarer å stille liste i alle kommunane i fylket, meiner fylkessekretæren.

I 2011 klarte ikkje partiet å stille liste i Midsund, og det var første gongen på fleire tiår at Arbeidarpartiet ikkje hadde liste i alle kommunane.

– Vi har eit mål om at vi skal klare å stille lister i alle dei 36 kommunane. Vi i fylkespartiet har skaffa oss oversikt over korleis situasjonen er i dei enkelte kommunane, og vi vil følge opp dei kommunane som treng det.

– Er det litt pinleg å ikkje klare det?

– Eg veit ikkje om eg vil kalle det for pinleg. Men det er eit nederlag viss vi ikkje klarer det, seier Ekhaugen.

Mange takkar nei etter ein periode

Under valnatta for tre år sidan venta folk i spenning på resultatet frå sin kommune. Men i Misund var det ingen som venta på Arbeidarpartiet, for her stilte dei ikkje med liste. For første gang på fleire tiår klarte ikkje Ap å stille liste i alle kommunane i Møre og Romsdal. Også ved neste år kan det bli ei utfordring.

– Etter å ha kartlagt dei ulike kommunane ser vi at det er fire-fem kommunar vi må følge opp vidare. Vi kjem nok til å møte på fleire utfordringar. Eg vil heller ikkje seie at det er vanskelegare å få folk til å engasjere seg i politikken, men det er veldig mange som takkar nei etter å ha sete ein periode, seier fylkessekretæren.

Han undrast over kvifor folk ikkje vil sete lenger enn i ein periode.