Hopp til innhold

Nedbrytbar berepose frå Sunnmøre

Ein nedbrytbar berepose basert på eit produkt frå firmaet Nor-X i Gursken i Sande blir no brukt i alle REMA 1000-butikkar i landet.

Nedbrytbar berepose

Kåre Roger Rødseth i Nor-X med nedbrytbar berepose

Foto: Nor-X

Nor-X Industry AS er eit gründerselskap som i samarbeid med forskarar frå Sintef har utvikla eit tilsetningsstoff til plast som dei kallar Renatura. Stoffet er jernbasert og gjer plasten nedbrytbar dersom han skulle hamne i naturen.

Gjenbruk

Nor-X meiner at det er feil å forby plastposar, seier gründer Kåre Roger Rødseth. - Målet må vere å minske forbruket av plast og at bruken av plast får mindre innverknad på miljøet.

Plast som inneheld Renatura er 100% resirkulerbar og kan lagrast lenge. Nedbrytinga startar ikkje før produktet blir utsett for sollys og/eller varme i lengre tid - normalt 3-4 månader. Derfor kan desse bereposane brukast fleire gonger slik vi er vant med i dag. 

Frå produksjonen av Renatura i Gursken

Frå produksjonen av Renatura i Gursken

Foto: Nor-X

Nedbryting

Plastposane med Renatura som hamnar i naturen, blir gjennom ein oksideringsprosess nedbrotne til stadig mindre partiklar heilt til dei blir så små at dei blir mat for mikroorganismane i jorda.

- Plast skal brukast rett, brukast om att og resirkulerast og til slutt ende opp som energi i forbrenningsanlegg, seier Rødseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL