Hopp til innhold

Store nedbørsmengder skapte dramatikk

Store nedbørsmengder førte til dramatikk i Sykkylven i går. Oddbjørg Nybø måtte evakuere frå bustaden sin då elva tok vegen.

Store nedbørsmengder førte til dramatikk i Sykkylven i går. Oddbjørg Nybø måtte evakuere frå bustaden sin då elva tok vegen.

SJÅ TV SAKA: Ikornneselva ligg ikkje langt frå huset til Oddbjørg Nybø. I går måtte ho evakuere på grunn av dei store vassmengdene.

– Det buldra jamt frå steinar heile dagen. Eg har sett elva stor før, men aldri så stor som no, seier Oddbjørg Nybø.

Nybø måtte i går evakuere bustaden sin i Sykkylven då elva Ikornneselva fløymde over. Den vesle elva vaks seg raskt svært stor og gjekk dermed over sine breidder.

Måtte evakuere

Dei siste dagane har det kome ekstreme nedbørsmengder fleire stadar i fylket. Nedbørsmengdene sette også ein stoppa for delar av produksjonen til Ekornes i Sykkylven i dag, då vatn frå Ikornneselva fløymde innover fabrikklokala.

Stadig meir av fylkesvegen ovanfor fabrikken har vorte vaska vekk i dag.

Ekornes ras

TRYGG: Oddbjørg Nybø sit trygg heime i stova til sonen Asgeir Nybø.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Også to hus ovanfor fabrikken måtte i går evakuerast, då elva tok med seg vegen forbi husa. I eit av husa budde Oddbjørg Nybø. No sitter ho trygt heime i stova hjå sonen Asgeir Nybø. Når ho kan reise heim er enno usikkert.

– Eg håpar sjølvsagt å få kome heim så snart som mogleg, seier ho.

Det seier ho til trass for at både straumen og vegen er vekke.

Kvernhuset forsvann

Det var utover kvelden at Nybø følte at situasjonen byrja å bli farleg.

– For om lag ti år sidan var elva på sitt verste, utover dagen tenkte eg at det kom til å bli like gale som den gong. Men så blei det berre verre og verre, seier ho.

For elva heldt fram med å vakse og blei stadig større.

– Eg følgde heile tida med kvernhuset og tenkte at det står der framleis, kanskje får det stå også denne gongen, fortel Oddbjørg.

Ekornesras

UTRYGG: Nybø følte seg til slutt så utrygg at ho valde å forlate bustaden sin.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men slik gjekk det ikkje. Plutseleg vaks elva seg så stor at kvernhuset som hadde stått der i hundre år gjekk med i vassmassane.

– Då følte eg meg veldig utrygg, og byrja å gjere meg klar for å kome meg der ifrå, seier ho.

Nybø frykta for konsekvensane av den stadig veksande elva.

– Derom elva hadde blitt større, eller delt seg slik at den gjekk på utsida av huset kunne det blitt heilt katastrofalt, seier ho.

Følte seg utrygge

Også sonen til Oddbjørg, Asgeir Nybø, var uroa.

– Elva vaks frykteleg fort, det var ganske skummelt, seier han.

Og medan elva held fram med å vakse innsåg dei at dei måtte kome seg frå staden så fort som råd.

– Kvernhuset forsvann på eit par sekund. Då forstod vi alvoret, seier Nybø.

– Vi følte oss rett og slett utrygge. Mor mi er dårleg til beins, så vi måtte få ho der ifrå medan det framleis var mogleg, held han fram.

Nybø seier den største frykta var at dei skulle bli innesperra.

– Det var eit forferdeleg bråk heile tida, og elva vaks fortare og fortare. Dersom vi ikkje kom oss der ifrå kunne vi risikere å bli innesperra, fortel Nybø om den dramatisk gårsdagen.

Over 100 mm nedbør

– Det er klart at når vi måler over hundre mm nedbør på under 24 timar så er det mykje nedbør, seier Steinar Vestnes i Vegvesenet.

Statens vegvesen og NVE var i dag på staden ved Ikornneselva for å undersøke skadeomfanget.

– Vi veit enno ikkje kor stor skade det er snakk om. Vatnet er framleis for høgt til å kunne undersøke plassen skikkeleg, seier Vestnes.

Dei vil undersøke området grundig når vasstanden minkar.

– Vi jobbar med å gjere vurderingar så fort som mogleg. Fyrst og fremst må vi få undersøkt fundamentet slik at vi veit kor stor skade det er snakk om, seier han.