Hopp til innhold

Vurderer å skjerpe regelverket

NAV Møre og Romsdal ser ikkje vekk ifrå at pilotprosjektet i NAV Hedmark vert ein realitet også i vårt fylke.

NAV

NAV Møre og Romsdal vurderer å skjerpe regelverket etter modell frå eit pilotprosjekt i NAV Hedmark.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Dette er veldig spennande, seier fylkesdirektør Stein Veland eit pilotprosjektet som NAV Hedmark no er i gang med.

Positiv til prosjektet

Stein Atle Veland

NAV-direktør i Møre og Romsdal, Stein Veland

Foto: NAV

Sidan dei begynte i april i fjor har NAV Hedmark spart over 80 millionar kroner i utbetalingar. Årsaka er at dei har skjerpa inn på det eksisterande regelverket med mål om å få arbeidsledige og sjukemelde raskare ut i arbeid.

NAV-direktør i Møre og Romsdal, Stein Veland, er positiv til prosjektet.

– Det er mykje forsking som viser at dess raskare ein får folk i arbeid, dess større er sannsynet for at dei ikkje vert langtidsledige eller sjukemelde, seier han.

Må i ut i arbeid

Ei strengare handheving av regelverket betyr at sjukemelde i Hedmark må ut i gradert arbeid etter åtte veker, med mindre dei har skriftleg dokumentasjon på at det ikkje er mogleg.

Vidare vert arbeidsledige bedne om å ta dei jobbane dei får – sjølv om det tilbodet kjem frå ein annan kant av landet. Takkar dei nei, mistar dei dagpengane.

Spesielt det siste har vakt reaksjonar blant NAV- brukarar som fryktar å måtte flytte heimanfrå.

– Må ikkje flytte langt vekk

Fylkesdirektøren i Møre og Romsdal meiner det er rett og rimeleg at arbeidsledige må flytte på seg for å gå ut i jobb. Samtidig hevdar han at arbeidsmarknaden i vårt fylke er såpass solid at det neppe blir tilfelle for mange.

– Det er mykje rørsle i arbeidsmassen hjå oss. Møre og Romsdal har – til forskjell frå Hedmark – eit veldig god næringsliv, låg arbeidsløyse og relativt få som er lenge arbeidsledige, seier han.

Veland vil vente til den endelege rapporten til NAV Hedmark er klar før han tek ei avgjersle for Møre og Romsdal. Han ser heller ikkje vekk ifrå at ei tilsvarande innskjerping kan bli aktuelt for alle NAV-regionane i landet.