Naudrakett observert i Sunndal

Politiet har fått melding frå nokon som har observert ei naudrakett ved Faleøyan i Sunndal. Dei har i samråd med hovudredningssentralen valt å ikkje setje i gang ein redningsaksjon, men politiet har ein patrulje i området som ikkje har funne nokon i naud. – Det hadde vore veldig greitt å få avklart om nokon er i nød eller ikkje, så om nokon har sendt opp ei slik rakett utan å vere i nød, så sei frå til politiet, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl.

Laster kart, vennligst vent...