Hopp til innhold

Naudlanding på Gardermoen

Feilmelding på fly frå Vigra førte til full alarm på Gardermoen. Flyet landa utan dramatikk.

- Vi fekk ei melding frå eit SAS-fly frå Vigra om at det skulle vere indikasjon på brann i understellet på flyet, fortel informasjonssjef ved Oslo lufthamn Jo Kobro.

Jo Kobro
Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

- Skjer rett som det er

- Vi bad dermed rutinemessig om full beredskap ved Oslo Lufthamn, fortel han. Landinga viste seg å vere kontrollert og utan dramatikk, opplyser informasjonssjef ved Oslo Lufthamn, Jo Kobro.

Dette var ei feilmelding frå flyet, noko Kobro seier ikkje er veldig uvanleg.

- Det skjer rett som det er, at ein får ein feilindikasjon på instrumenta. Desse blir sjølvsagt sjekka opp i ettertid, men det er det rutiner for, seier han.

Rett til gate

Flyet var på veg frå Vigra i Ålesund til Gardermoen då det kom melding om brann i understellet, men dette synte seg å vera ein feilmelding.

Flyet har 139 passasjerar om bord.

- Sidan landinga var normal gjekk flyet direkte til gate etter landing, fortel Kobro.