Hopp til innhold

Naudetatane rykker ut etter rop om hjelp

Naudetatane og luftambulansen gjer eit søk i området Mulevika i Herøy, etter at det er høyrt rop i området. Det melder politiet. Det er fleire som skal ha høyrt rop om hjelp på engelsk. Også redningsskøyta er på veg, for å gjere søk frå sjøsida.

– I tilfelle der er nokon som faktisk treng hjelp der så har vi iverksett eit søk i området. Vi søker både langs sjøkanten og med helikopter langs fjellsidene, seier Arild Reite i politiet.

Mulevika er ein populær stad å campe. Det skal stå fleire bilar på plassen, både norske og utanlandske.