Kvitskjevingen i Syltefjorden. Foto: Sigve Slagnes, Synste Møre
Jan Einarsen fortel til Naturtelefonen at det er ein kvitskjeving, ein delfinart som av og til besøker våre område. Truleg er det ein einsleg hann som anten frivilleg har forlate flokken sin for ein periode, eller ein som er utstøytt av flokken.
Piggålen
Rar fisk
Denne underlege skapningen fann Odd Magnus Osnes frå Ulsteinvik på ein rusletur i fjøra då han og kona var på ferietur på Kypros. Jan Einarsen meiner det er ein sjeldan djuppvassfisk som på norsk blir kalla piggål. Kvifor han har tatt turen opp til så grunt vatn at han blir skylt på land av bårene, er derimot eit ubesvart spørsmål.
Den mystiske maneten
Rar manet
Denne maneten fann nokre barn i Bergsvikbukta på Nesjestranda. Alvhild Sølsnes har tatt biletet av han i handa til ein 7-åring. Jan Einarsen meiner den tilhøyrer gruppa stormanet. Truleg er det ein brennmanet som har vore død så lenge at alle brenntrådane er slitne bort og sjølve maneten også er sterkt nedsliten. Alternativa er blå brennmanet som er blitt raud etter at han døydde, eller ein djupvassmanet.