NRK Meny
Normal

Naturtelefonen jubilerer

Fredag formiddag feira Naturtelefonen 15 år - med alle dei tre faste ekspertane våre i studio og mange innringarar!

Naturtelefonteamet

F.v. Alv Ottar Folkestad, May Britt Haukås, Olaf Birkeland og Jan Einarsen

Foto: Odd Sørås / NRK

Og for ein gongs skuld kunne programleiar May Britt Haukås opne sendinga med eit hyllingsdikt til Naturtelefonen. Diktet frå Reidun Klock Tjervåg finn du lenger ned på denne sida!

Jubileumssendinga fredag 24. oktober vart eit program av godt, gammalt merke, det spesielle denne gongen var at vi med alle tre naturekspertane til stades opna for spørsmål både om livet i sjøen, om fuglar og ville dyr og om husdyra våre.

Lyttarane ringde som dei brukar å gjere - om hundeintelligens, skjorer som bytest om å liggje på reiret, om oter, storkveite og mange andre emne. Og så kunne Jan Einarsen utrope ein

Noregsrekord!

For Oskar Bråstad frå Vestrefjorden fortalde om ein gong han fekk to hummarar i same teina - den eine på 11 og den andre på 9 cm! Dette må vere norsk rekord, seier Jan Einarsen - ein hummar så liten som 9 cm har ikkje vore registrert før. I det heile veit vi nesten ingenting om hummarens første leveår i vill tilstand, fortel han.

Naturtelefonen er ein frisk og rørig 15-åring, og programmet skal halde fram, fredag etter fredag...

Her er dei som arbeider med programmet bak kulissane:

Torild Øvrelid

Torild Øvrelid har ein hyggeleg lyttar på tråden

Foto: Odd Sørås / NRK
Rune Hustad

Det er mange som ringjer, og Rune Hustad får det travelt

Foto: Odd Sørås / NRK
Harald Nørve

Harald Nørve er bindeleddet mellom dei som tek imot oppringingane og programleiaren

Foto: Odd Sørås / NRK

Naturtelefonen
av Reidun Klock Tjervåg

No er det blitt fredag og kaffi'n er klar
ved radio'n sit både besta og far,
ja, unge og gamle, sjøl bikkja ho fatter
at no kjem ho May Britt med smittande latter.
I studio sit ein av karane tre,
om alle ting har dei eit svar, ein idé.
Han Einarsen kan alt, ja det er ei lukke,
om alt som kan symje og plaske og dukke.
Og Birkeland manar når våren han ser:
Få kattane hit og kastrer og kastrer!

Han Folkestad pratar om ørn og om trost:
"Set fuglebrett opp, for no vert det snart frost!"
Og lyttarar ringer og mangt kan fortelle
om dyr, fisk og fugl som er HEILT spesielle!

Ho May Britt og karane treng 'kje reklame,
vi ønskjer de berre held fram med det same.
Programmet det inneheld mangt eventyr,
men mest er det vitne om kjærleik til dyr.
Så voff, kvirrevitt, mjau og gakk-gakk;
til May Britt og karane: Hjarteleg takk!