Hopp til innhold

Naturtelefonen

Lurer du på kva slag fugl det er du har sett? Er du usikker på når katten din skal kastrerast? Har du fått fisk i garnet som ikkje liknar noko du har fanga før? Har du opplevd noko spesielt som har med fugl, fisk eller dyr å gjere?

May Britt Haukås
Foto: Odd Sørås / NRK

Naturtelefonen som podkast

Ekspertane svarer

Jan Einarsen i "Naturtelefonen"
Foto: Odd Sørås / NRK

Kvar fredag kl. 11.06 - 12.00 er telefonnummeret 70115200 nyttig å kunne. Då inviterer NRK Møre og Romsdal lyttarane til å ringe inn til

Naturtelefonen, programmet som gir svar på direkten.

Veterinær, Olaf Birkeland.
Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ornitolog Alv Ottar Folkestad, veterinær Olaf Birkeland og akvarist Jan Einarsen er ekspertane som kvar sin fredag svarer på spørsmål og kommenterer historier frå lyttarane.

Den beste historia kvar månad blir premiert!

Alv Ottar Folkestad
Foto: Odd Sørås / NRK

Fast programleiar i Naturtelefonen er May Britt Haukås.

E-post til Naturtelefonen

Høyr siste Naturtelefonen (Nett-TV)