NRK Meny
Normal

Naturreservat kan bli øydelagt av turgåarar

Farstadsanden i Fræna har blitt eit så populært turmål at det er fare for at naturreservatet blir skadd.

Farstadbukta

Stor utfart til Farstadsanden i Fræna gjer at vegetasjonen i naturreservatet står i fare.

Foto: Øivind Leren

Å kome seg opp av godstolen og ut på tur er nok noko dei fleste av oss har godt av, men for naturreservatet Farstadbukta i Fræna har det blitt for mykje av det gode. Der har turgåainga ført til så mykje slitasje at det er fare for at vegetasjonen blir øydelagt og folk har laga stiar på dyrka mark.

Etter at det kom nye parkeringsplassar og Stikk-UT-post der, har utfarten auka veldig.

Det bekymrar Ola Betten, som er fagansvarleg naturforvaltning hos Fylkesmannen.

– Ja, det går mykje folk ute på Farstadsanden no. Der er ein del sjeldne plantar som blir trakka ned.

Kallar inn til møte

Onsdag skal det vere eit møte mellom både Fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunen Friluftsrådet og grunneigarar. Betten håper han der får gode idear til korleis ein skal løyse problemet.

– Det er mange som er involverte i forvaltinga av eit slikt område og eg trur at vi saman vil finne gode løysingar, til det beste for både naturreservatet og grunneigarane.

Farstadsanden

Farstadsanden i Fræna er eit populært turmål for både små og store.

Foto: Rebekka M. Skotheimsvik


– Vil du foreslå å sløyfe denne Stikk-UT-posten neste år, for å la området kvile?

– Det kan vi sjå på. Enten kan vi redusere utfarten eller så kan vi styre kvar folk går.

– Alle bør opptre forsiktig

Det er ikkje noko ferdsleforbod i naturreservatet, men det finnast ein omsynsparagraf, som Ola Betten minner om at folk må huske på.

– Alle bør opptre forsiktig i naturen.

Sjølv om det store utfarten til Farstadsanden har bydd på problem, vil Betten likevel oppmode folk om å ta turen. Berre dei tek omsyn.

– Eg vil oppfordre folk til å fare dit, for det er eit veldig fint område.