Hopp til innhold

Naturleg med nye steinsprang før skredet går

RAUMA (NRK): – Fjellet vil begynne å kollapse i front og det vil komme mange steinsprang og bulder og brak. Sjefgeologen meiner det vil vere tydeleg når det kjem.

Fjellet Mannen 06.10-17

REGN: Det har vore mykje nedbør ved fjellet Mannen i Romsdalen det siste døgnet.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Fredag kveld kom det flere steinsprang ned den stupbratte fjellsida ved fjellet Mannen i Romsdalen. Det første store steinspranget kom i 17.45-tida. Om lag klokka 21.30 braka det laus i fjellsida igjen. Denne gongen varte steinspranget i to minutt.

– Vi burde kanskje hatt enda flere slike steinsprang. Det er store bevegelser i fjellet. Og vi forventer at det skal komme steinsprang fremover, sier sjefgeolog Lars Harald Blikra.

Det er knytt mykje spenning til om fjellpartiet i Mannen snart vil rase. Nøyaktig korleis det vil rase er også usikkert, men Blikra trur det kan bli mange steinsprang og mykje lyd.

– Det er mange lokale område som er veldig ustabile, som har store hastigheiter, så det kan fort bli sånn.

Bevegelsane i fjellet vil berre auke meir og meir.

– Det skal opp frå ti centimeter i døgnet til 70 meter per sekund når skredet går. Så hastigheiten skal framleis auke kraftig, seier Blikra.

Lars Harald Blikra

FJELLET VIL VARSLE: Sjefgeologen Lars Harald Blikra trur det vil bli fleire steinsprang og høg lyd frå fjellet før det rasar.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Fredags formiddag melde NVE at bevegelsane hadde stabilisert seg på cirka 10 centimeter i døgnet. Men det er også dei største bevegelsane nokon gong.

Det er enkelte område som har mykje høgare hastigheit, så det aukar på

Lars Harald Blikra, sjefsgeolog i NVE

Bevegelsane i fjellet har tidlegare vore oppe i 7 centimeter i døgnet. Det var i 2015, og då roa bevegelsane seg igjen.

Ca kl. 17.45 gjekk det eit lite ras frå Mannen. Sjå det her.

Fredag kveld gjekk det fleire steinskred frå det mest rasutsette partiet ved fjellet Mannen.

Slik vil fjellet sjølv varsle raset

Også for to år sida prøvde Blikra å forklare korleis raset truleg vil hende.

– Det vil bli meir aktivitet som for eksempel steinsprang. Eg har sett store steinsprang og det kan bli smell i fjellet, og her vil vi få stein i fronten som losnar vil eg tru, sa Blikra då.

Natt til fredag auka bevegelsane i fjellet, og i løpet av natta høyrde folk buldring frå stein i fjellet. Ifølge politimannskapet i Rauma har det også kome meldinger om mindre steinsprang i løpet av natta.

Kor stort raset blir avheng av kor i fjellet det er bevegelsar. Når NVE leverer døgnrapportane sine skil dei mellom hastigheiter i øvre og nedre del av fjellpartiet.

– I den nedre delen er ein djupare inne i den delen som beveger seg, og det er det som skal gå for å få det scenarioet som vi snakkar om.

Då kan så mykje som 180 000 kubikk stein rase ut.

Mannen, Breistinden Grafikk over rasfaren.

RASET: Dersom det går som sjefgeologen trur, vil raset ta både husa og jernbana under fjellet.

Foto: NRK

Tar hus og jernbane dersom det treff elva

Geologane veit ikkje heilt kor stort område raset vil dekke, men dersom heile partiet rasar ut kan raset gå til elva, meiner Blikra.

– Vi har sett faresona ned til elva fordi raset kan gå fleire plassar. Det er ikkje sikkert det går så langt. Og vi meiner det ikkje er sannsynleg at det går lenger.

Då tar raset både jernbanen og husa.

Ekstra nyhetssending