Hopp til innhold

Naturleg å slå saman offshorereiarlag

Rederiforbundet meiner det vil vere rett å slå saman norske offshorereiarlag i den situasjonen som næringa er inne i no.

Sturla Henriksen

Sturla Henriksen, administrerande direktør i Rederiforbundet, trur ein vil sjå store restruktureringar i offshorenæringa.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Halvårsresultatet til Farstad Shipping i Ålesund viste eit underskot på 850 millionar kroner, og selskapet er ikkje aleine. Reiarlaga som driv med offshoreskip slit i motbakke.

– Det plutselege fallet i oljeprisar og i offshoreaktiviteten har ført til at både skip og riggar har gått i opplag, seier Sturla Henriksen, administrerande direktør i Rederiforbundet.

Konsernsjef i Farstad Karl Johan Bakken meiner at fleire reiarlag må slå seg saman for å kunne kome seg gjennom krisa. Det er Henriksen samd i.

– Vi ser no at den finansielle opplagsnæringa hos offshorereiarlaga er i ferd med å bli brukt opp. Det betyr at vi står overfor ei periode der vi vil sjå restruktureringar både på eigarsida og selskapssida. Vi trur at det betyr at vi vil sjå færre reiarlag, seier han.

Krevjande situasjon

Den norske offshoreflåten er den nest største i verda etter USA. Men det er ei næring i vanskar. Låg oljepris og liten etterspurnad av tenester, båtar ligg i opplag.

Enkelte reiarlag har allereie slått seg saman, som REM Offshore i Herøy som går inn i Solstad.

– Vi har veldig stor respekt for det presset og den situasjonen som både tilsette og eigarar no står i, seier Henriksen.

Men han meiner likevel at det er lys i enden av tunnelen for offshorenæringa.

– Samtidig er den norske maritime historia prega av oppturar, nedturar og omstillingar, og vi er heilt sikker på at dette ikkje er slutten på historia. Tvert imot er dette ei krise som treff alle offshorereiarlaga i verda, og det er få andre land enn Norge som har eit betre utgangspunkt for å kome seg gjennom denne krisa, seier Henriksen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL