Årsaka er at det i ein dansk rapport blir dokumentert at kosttilskotet ikkje har ein slankande effekt slik det blir lova.
Administrerande direktør i Natural, Jostein Dalland, seier dei vil klage på vedtaket.
Fått pålegg tidligare
Kosttilskotsbedrifta Natural, med avdeling i Ørsta, er meldt av Forbukarrådet for villeiande marknadsføring av to kosttilskotsprodukt.
Bedrifta har også tidlegare fått pålegg Næringsmiddeltilsynet om å endre varemerkinga.
Det er mykje snusk snusk i denne bransjen, seier rådgivar Hilde Helgesen i Forbrukarrådet.
Når Forbrukarrådet no melder bedrifta bygger det på ei omfattande dansk undersøking som også stadfestar at det ikkje er nokon slankande effekt av stoffa.
Men i ein bransje der pengane florerer er nyansane viktige. Ifølgje administrerande direktør Jostein Dalland vert det ikkje lova at produkta har ein slankande effekt.