NRK Meny
Normal

Natur og Ungdom ut mot Listhaug

Sylvi Listhaug droppar støtte til frivillige organisasjonar som er usamde med henne, men gir støtte til dei som deler hennar syn, hevdar Natur og Ungdom.

Arnstein Vestre

Arnstein Vestre i Natur og Ungdom er slettes ikkje nøgd med mat- og landbruksministeren som vil kutte støtte til frivillige organisasjonar.

Foto: Natur og Ungdom

Leiar i Natur og Ungdom Arnstein Vestre frå Ålesund, er ikkje nådig mot Landbruks- og matministeren etter at han har gått grundigare inn forslaget til statsbudsjett.

– Eg synest det er frekt av Sylvi Listhaug å kutte i støtta til organisasjonar som er usamde med henne slik som vi, Spire og fleire andre frivillige organisasjonar, medan ho lar vere å kutte i tilskotet til dei som er samde med henne. Det gjeld til dømes organisasjonar som jobbar mot at vi skal ha rovdyr i Noreg, seier han.

Medan frivillige organisasjonar totalt fekk 25,6 millionar kroner frå Landbruks- og matdepartementet over årets statsbudsjett, er posten redusert med nesten fem millionar kroner i forslaget for 2015.

Rammar fleire

Landbruksminister Sylvi Listhaug

Mat- og landbruksminister Sylvi Listhaug får kritikk frå fleire hald for at ho foreslår kutt i løyvingar til frivillige organisasjonar som jobbar opp mot landbruket.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

I fjor fekk fleire frivillige organisasjonar ein 3-årig avtale med departementet. I framlegget til nytt statsbudsjett, kjem det fram at avtalane ikkje skal fornyast når dei går ut neste år. Det blir også forslått at det ikkje blir gjort nye avtalar.

I tillegg til Natur og Ungdom, vil eit kutt i organisasjonsstøtta ramme fleire andre sentrale ungdomsorganisasjonar. Det gjeld til dømes 4H Noreg, Norges Bygdeungdomslag og organisasjonen Spire.

Grønt Spa`tak i fare

Både Natur og Ungdom og Bonde- og småbrukarlaget er redd ordninga Grønt Spa´tak står i fare dersom framlegget til statsråden blir ståande.

Grønt Spa`tak er eit samarbeid mellom dei to organisasjonane, der mellom 50 og 100 unge kvar år arbeider frivillig på ein gard eller seter noko dagar kvar sommar. Dei kan også gå beitetilsyn, det vil seie ha tilsyn med dyr på beite som kan vere utsette for rovdyr. I all hovudsak er det urban byungdom som er med på ordninga

Stein Brubæk, nestleiar i fylkesstyret Norsk Bonde- og Småbrukarlag i M&R

Stein Brubæk meiner Grønt Spa`tak skaper dialog mellom urban ungdom og bygda.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Stein Brubæk, nestleiar i Bonde- og småbrukarlaget i Møre og Romsdal, meiner det er svært synd om ordninga fell ut.

– Den har skapt dialog og vore med på å gi miljøbevisst, urban ungdom ei oppleving av kva det vil seie å drive matproduksjon. Ikkje mist har det vore med og dempa konflikten rundt rovdyr-situasjonen, meiner Brubæk.

Han er ikkje med på at bønder utnyttar ung arbeidskraft gjennom ordninga.

– Tvert om; her dreg begge partar nytte av kvarandre. Dei får gratis opphald på gard om sommaren, får opplæring og kunnskap om jordbruket og får lommepengar gjennom ordninga. Svært mange gir gode tilbakemeldingar på det dei erfarer hos bøndene.

Trist framlegg

Småbruk

50 til 100 unge frå urbane strok får nærare kjennskap til livet på bygda og landbruket gjennom ordninga Grønt spa`tak.

Foto: BJORN H STUEDAL www.stuedal.no

Ingvild Hansen Nystad driv gard i Norddalen og har hatt fleire unge, urbane på garden gjennom Grønt spa`tak. Mellom anna har unge frå byen vore med og lagt torv på driftsbygningen på garden,

Det er veldig trist dersom ordninga fell ut av statsbudsjettet. Eg ser ikkje gevinsten i det. Det høyrest rett og slett misforstått ut å ta bort dette, meiner Hansen Nystad.

Ingvild Hansen Nystad

Ingvild Hansen Nystad driv gard i Norddal og har svært gode erfaringa med byungdom som vil arbeide på gard.

Foto: Privat

Ho hevdar dette er ein av få vellukka måtar for å opne skotta og auke forståinga mellom ulike "kulturar". Mange opplever at eit opphald på gard, gir svært mykje til dei som deltek. Ho meiner dette også er ein svært billig måte å rekruttere til landbruket på

På garden har dei hatt fleire som aldri har tenkt tanken på ei utdanning eller leveveg i landbruket, men som har blitt så begeistra at dei har tatt landbruksskule etterpå.

Vi har også sett tåredrypande historier, der unge menneske skriv til oss i etterkant, og fortel at Grønt spa`tak endra livet deira og måten dei ser på seg sjølve på, fortel ho.

Gir seg ikkje

Leder i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre

Natur og Ungdom set no sin lit til at Venstre og KrF syt for at departementet likevel held oppe støtta til frivillige organisasjonar.

Foto: Pressefoto/Natur og UNgdom

Arnstein Vestre er leiar for 7000 medlemmer i Natur og Ungdom, og seier dei no kjem til å jobbe opp mot Stortinget for å få kuttforslaget frå departementet omgjort.

– Framlegget til statsbudsjett borgar dårleg for både frivillig arbeid og miljøet. Vi kan ikkje gi oss på dette og kjem til å kontakte Stortinget i saka. Særleg satsar vi på at Venstre og KrF, som har mykje makt overfor regjeringa, vil vere med og snu forslaget, seier han.

Natur og Ungdom hevdar altså at statsråd Sylvi Listhaug droppar støtte til frivillige organisasjonar som er usamde med henne, samtidig som ho støttar dei som er samde med henne.

Til denne påstanden svarer statsråden på spørsmål frå NRK, at ho ikkje ønskjer å kommentere budsjettstøtta til frivillige organisasjonar.