Får massiv kritikk for å ha sove på nattevakt – ekspert meiner fleire burde lagt seg nedpå

Ei nattevakt som blei funnen sovande på sofaen med dyne får flengande kritikk, og miste til slutt jobben. Søvnekspert anbefaler helsevesenet å la fleire ta seg ein høneblund.

Montasje av kommentarar på Facebook

Det er mange som kritiserer nattevakta i Møre og Romsdal som sov gjentekne gongar på vakt.

Historia om nattevakta i Møre og Romsdal som gjentekne gongar sovna på vakt, har opprørt mange. Medan alarmklokkene ringde og kollegaene måtte springe til, låg ho på sofaen med dyne over seg.

No ber søvnekspert Ståle Pallesen fleire om å ta seg ein blund.

– Det er godt dokumentert at dei som får lov å ta ein høneblund på nattevakt fungerer betre. Dei blir mindre trøytte og funkar betre, det viser objektive testar, seier professoren ved Universitetet i Bergen.

Ståle Pallesen

Professor Ståle Pallesen seier det er godt dokumentert at nokre minutt søvn verkar positivt inn på konsentrasjonen. Han er knytt til Nasjonalt kompetanseteneste for søvnsykdommer.

Foto: Privat

– Nesten umogleg å halde seg vaken

I kommentarfelta på Facebook er det mange som har kritisert den trøytte nattevakta i Møre og Romsdal som til slutt mista jobben. Fleire skriv at det er uhøyrt å sovne, og at det får ein gjere heime.

Harald Skartland Pirolt er intensivsjukepleiar på Haukeland i Bergen. Han seier nattevaktene kan bli utruleg trøytte i enkelte situasjonar.

– Eg trur svært mange har dubba av under ei vakt, det er eg heilt overtydd om, seier han.

Harald Skartland Pirolt

Intensivsjukepleiar Harald Skartland Pirolt seier det kan vere vanskeleg å halde seg vaken gjennom heile natta.

Foto: privat

Fekk gehør for soving

For ti år sidan fekk intensivsjukepleiaren og ein kollega gjennomslag for at nattevaktene skulle få lov til å sove på jobb. Han meiner det er bra for pasientryggleiken, og trur det er dumt at ikkje fleire kommunar og helseinstitusjonar legg til rette for det same.

– Eg synest det er veldig synd. Eg tenkjer det kan gå utover tryggleiken. Dersom ein set dette i system, får ein fleire utkvilte helsearbeidarar. Ein sikrar også at ingen gøymer seg vekk for å sove. I staden kan ein då seie frå og bli vekt dersom det er bruk for ein, seier han.

Han strekar under at det er snakk om korte høneblundar, på nokre få minutt, kanskje i staden for ein pause på pauserommet. Og han meiner at dei som ikkje har ressursar bør prioritere annleis for å få det til.

– Utruleg krevjande å få til

Sjukepleiarforbundet seier dei ikkje har oversikt over kor mange som praktiserer høneblundar på nattevakter, men at det neppe er særleg utbreidd.

– Det er utruleg krevjande å få til fordi mangelen på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar er dramatisk stor i kommunane. Intensjonen er god, men det er ikkje mogleg å få til når du manglar folka, seier Lill Sverresdatter Larsen.

Ho trur at dei få plassane dei får det til, er på sjukehus og spesialavdelingar der ein i noko støre grad kan planlegge dagen.

Lill Sverresdatter Larsen
Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI

Søv på kvar vakt

Harald Skartland Pirolt er ein av dei som prøvar å få seg ein strekk i senga på kvar nattevakt. Det er vaktleiaren som avgjer om det er roleg nok på avdelinga. Pirolt set stor pris på å kunne legge seg nedpå, før vekkarklokka ringjer etter maks 29 minutt.

– Ein blir trøytt når ein er på nattevakt, det å få slappe av ein halvtimes tid, gjer at ein kan yte mykje betre og gje tryggare hjelp resten av natta, seier han.