– Dette var ei heilt sjeldan oppleving. Å køyre Trollstigen opp hit, bli møtt med barnekor, og bli møtt med ein slik arkitektur. Dette bidreg verkeleg med å ta vare på kulturarven for framtida, sa Magnhild Meltveit Kleppa.
I dag blei Trollstigplatået og nasjonale turistvegar opna. Stolte talarar og eit blidt publikum gjorde seremonien til ei flott oppleving.
- SJÅ OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dei nasjonale turistvegane gjev oss ei heilt spesiell moglegheit til å profilere det vi har av natur. I tillegg gjev det verksemder langs rutene moglegheiter til å skape arbeidsplassar og liv, smilte Meltveit Kleppa.
– Men korleis er det å kombinere denne ultramoderne arkitekturen med vår fantastiske natur?
– Eg synest dette er ein eineståande god kombinasjon. Dette er eit monument som blir ståande som historisk inn i framtida.
(Artikkelen held fram under bildet)
MODERNE: Nasjonale turistvegar blei opna på Trollstigplatået – som òg blei opna. Arkitekturen er moderne – omkransa av norsk natur.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK– Skal henge høgt
Statens vegvesen har fått ansvaret for å utvikle nasjonale turistvegar, og under seremonien i dag laurdag tala Terje Moe Gustavsen, vegdirektør i Statens vegvesen.
– Eg ser utover dette fantastiske landskapet, og det nyetablerte Trollstigplatået. Dette er rett og slett Noreg på sitt aller best og flottaste.
Vegdirektøren sa at oppgåva var tydeleg, og det var å forsterke naturopplevingane.
– Den veifarne skal begeistrast. Dette skal skje med arkitektur, supplert med kunst, spennande historier og stoppestadar. Langs 18 utvalde strekningar.
Alle strekningane er ikkje ferdige, men dei nasjonale turistvegane er no offisielt opna.
– Vi skal halde fram arbeidet på dei nasjonale turistvegane, for «nasjonal turistveg» er eit omgrep som skal henge høgt, sa Moe Gustavsen.
OPNA: I dag blei Trollstigplatået, og dei Nasjonale turistvegane, opna. Her ser vi framme f.h.: Fylkesordførar Jon Aasen (Ap), Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), vegdirektør i Statens vegvesen, Terje Moe Gustvasen og Fylkesmann Lodve Solheim (bak vegdirektøren).
Foto: Gunnar Sandvik / NRK