Hopp til innhold

No er all laks fjerna frå den nasjonale lakseelva

Den tradisjonsrike lakseelva Driva stengte i dag for all laks heilt fram til år 2030. I kampen mot gyrosmitte har Miljødirektoratet bygd den største fiskesperra i verda.

Øvre del av den tradisjonsrike lakseelva Driva, vart i dag stengt for all laks fram til år 2030. I kampen mot gyrosmitte, har Miljødirektoratet fått bygd verdas største fiskesperre.

Tysdag blei øvre del av Driva stengt fullstendig av for laks.

– Rista skal hindre fisken å hoppe opp, så her er det 100 prosent sikkert at det ikkje vil komme sjøørret eller laks opp, seier damingeniør Bjørn Dalsnes i Sweco.

Den kjipe parasitten gyrodactylus salaris, på folkemunne kjend som gyro, er grunnen til at all laks no blir sperra ut av Driva. I over 40 år har parasitten herja i den nasjonale lakseelva på Nordmøre. No er det slutt.

Prosjektet, som er sett i gong av Miljødirektoratet, stengjer elva og tømmer øvre del for laks. Lakseyngelen i dag vil symje ned til sjøen og ny generasjonar forsvinn frå toppen av elva.

Nedre del bli så bli behandla med rotenon slik at all fisk døyr. Daud fisk betyr daude parasittar.

Bjørn Dalsnes

Damingeniør Bjørn Dalsnes i Sweco.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil sende sjøørreten vidare

Fiskesperra er plassert ved Snøvasmelan i Sunndal kommune, om lag 20 kilometer frå utløpet til Elva i Sunndalsfjorden ved Sunndalsøra. Sjølv om sperra i dag tysdag kom på plass, er det framleis nokre ting som står igjen.

– Her skal det bli eit fangsthus som vi vil fange sjøørret og laks i, viser Dalsnes.

For sjøørreten er ein uskuldig tredjepart oppi det heile og skal få symje vidare mot Sør-Trøndelag. Eit eige passeringspunkt blir sett opp for å kontrollere fisk manuelt.

– Sjøørreten vil få lov til å gå vidare opp i elva Driva. Laksen vil ikkje få lov til å gå vidare, slår Dalsnes fast.

Håp om betre fiske

Alt i 1820-åra blei Driva kjent for godt laksefiske, men i seinare år har gyrosmitta øydelagt mykje. Den store laksesperra har som mål å få laksen tilbake for fullt.

No blir det 13 lange år, men forhåpentlegvis vil Noreg få tilbake éi av dei største og mest tradisjonsrike lakseelvane i full blomst.

For enn så lenge er det ingen laks som får passere Snøvasmelan.