Hopp til innhold

Når nettene blir kortare

I dag klokka 05.48 snudde sola. Eller, det gjorde den slett ikkje, men på folkemunne har Vintersolkverv blitt til solsnudagen.

Sol i Bremanger

På folkemunne har denne blitt kalla for solsnudagen.

Foto: Sven Petter Kjerpeset / Instagram

Uansett kva du kallar det er Vintersolkverv for dei fleste vel verdt å feire. For no blir nettene kortare, dagane lengre og vi går mot ei lysare tid.

Bålbrenning

Tidlegare var den vanleg å brenne bål ved solkverv. Frå ca. 800 til 1050 blei dette gjort som feiring av sola. Men også for å verne om menneske og dyr. For tradisjonen sa at «alskens pakk og vonde makter» kom fram ved solsnu.

Dessutan var regelen at ingen måtte gjere arbeid der ting blei dreia rundt, for då gjekk det gale. Med andre ord kunne ingen køyre hest med vogn, og ingen kunne spinne garn.

Lysare dagar

Sola

Kanskje får vi bitte litt meir av sola i dagane som kjem.

Foto: @oslomarkalove / Instagram

Seinare har dagen også blitt brukt til ei markering av kjærleik, samhald, familie, vener, fred, respekt, toleranse og samhald.

I desse regnverstider kan vi altså slå fast at sola ikkje er død, den har berre ligge i dvale og blir gjenfødt no, ifølge tradisjonen. Så frå no skal sola returnere meir og meir, og dagane skal bli lysare.

Datoen for Vintersolkverv vekslar mellom 21., 22. og 23. desember. Neste år er Vintersolkverv 21.desember.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL