Hopp til innhold

Når ikkje fram til regjeringa

- Ei vanskeleg oppgåve, seier ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy. Han hjelper dei pårørande etter Bourbon Dolphin-ulykka med å knyte kontakt med regjeringa for å fortelje om sine opplevingar.

Arnulf Goksøyr

Ordførar Arnulf Goksøyr

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei pårørande meiner ein slik kontakt kan vere med på å hindre at liknande ulykker skjer igjen, men opplever det som vanskeleg å finne dei rette personane. Det synest ikkje Arnulf Goksøyr er rart.

- Vi som driv med politikk til dagleg, leitar med lys og lykte etter dei rette instansane. Korleis er det då med folk som er i ein fortvila situasjon? seier Goksøyr. Han seier at å finne dei rette å snakke med når det gjeld ulykker til havs, er avhengig av kva havområde ulykka skjer i. Er det i norsk territorialfarvatn, er Fiskeri- og kystdepartementet den rette instansen. Utanfor norsk farvatn kan det vere fleire instansar heilt opp til statsministeren.

- I dette tilfellet har Næringsdepartementet teke på seg ei samordningsoppgåve, og det vi har oppnådd, er å få ein kontaktperson som tek seg av dette. Det er så langt vi er komne, seier ordførar Arnulf Goksøyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL