Nordøyvegen mangla 20-30 tilsette på grunn av lokale innreisereglar

Lokale innreisereglar har hindra arbeidarar frå Sør-Noreg å dra på jobb. Når Ålesund opnar grensene, betyr at det milliardprosjektet Nordøyvegen kan ha full bemanning att.

Arbeid med Nordøyvegen

Nordøyvegen skal gi fastlandssamband til rundt 2700 innbyggjarar. På grunn av innreisereglane manglar det folk på jobb.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at dei kkje vidarefører innreiserestriksjonane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Over 100 kommunar i Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark har fram til no trassa regjeringa si oppmoding om å droppe lokale innreisereglar. I dag varslar fleire at karantenekrava for folk som kjem reisande frå andre kommunar og fylker i landet blir oppheva.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at kommunen ikkje fornyar sine innreiserestriksjonar.

– Grunnen er at kommuneoverlegen seier at dette ikkje er riktig tiltak no ut frå smittevernlova, seier Aurdal. Dermed er det fritt fram for folk frå andre delar av landet å kome til Ålesund.

Fekk ikkje dra på jobb

Portrett kvinne

Marianne Nærø er prosjektleiar i Nordøyvegen. Ho seier hovedfokus er å unngå smittespreiing.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For milliardprosjektet Nordøyvegen på Sunnmøre har innreisereglane ført til at dei har mangla mellom 20 og 30 arbeidarar som skulle ha bygd tunnelar og bruer i fastlandssambandet. Dei er ikkje heime fordi dei er sjuk, men fordi Ålesund kommune har hatt eigne innreisereglar for folk som kjem frå ei rekkje fylke i Sør-Noreg. Det betyr at dei som kjem, blir sett 14 dagar i karantene.

– Vi får ikkje gjort like mykje som vanleg, men eg vil ikkje spekulere i kva konsekvensar dette får til slutt, seier prosjektleiar for Nordøyvegen, Marianne Nærø.

Dei tilsette som skulle vore på jobb i Nordøyvegen er no i sitt eige heimfylke i staden for å sitte i karantene i brakkene der dei bur. Neste veke får dei kome tilbake og dermed har vegprosjektet full bemanning.

– Vårt hovedfokus er å unngå smittespreiing, seier Nærø.

Ikkje lengre i særstilling

Fylkesmann Rigmor Brøste i heimekarantene.

Rigmor Brøste er Fylkesmann i Møre og Romsdal.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste, var den første i landet som råda sine kommunar til å innføre slike lokale innreisevedtak, stikk i strid med regjeringa si oppmoding.

Argumentet var at fylket hadde få smitta og at kommunane mangla smitteverneutstyr. No seier Brøste at fylket ikkje lenger er i ei særstilling og oppmodar kommunane om å fylgje dei nasjonale råda, som er venta skal kome frå regjeringa laurdag.

Måtte kalle tilbake folk

Petter Leon Fauske er administrerande direktør ved MMC First Process på Digerneset i Skodje.

Petter Leon Fauske i MMC First Process er glad for at det er slutt på lokale innreiserestriksjonar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bedrifta MMC First Process leverer teknologi til næringsmiddelindustrien. Dei er no glade for at restriksjonane i Ålesund er oppheva.

– Det er bra for bedrifta og dersom det er helsemessig forsvarleg for innbyggjarane er det veldig bra, seier administrerande direktør Petter Leon Fauske. Fauske meiner at det no blir lettare å sørge for at kundane som produserer matvarer får halde oppe drifta si.

Dei har sjølvsagt kansellert alle oppdraga i utlandet, men på grunn av lokale innreiserestriksjonar har også bedrifta måtte vurdert kva oppdrag dei kan ta på seg her i Noreg.

– Vi hadde to mann på veg til Måløy i Vestland fylke, men dei måtte snu, fortel Fauske. Hadde dei utført jobben ville konsekvensen blitt at bedrifta måtte betale for at dei to skulle sitte to veker i karantene.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.05.2020
8383
Smittet
34
Innlagt
235
Døde