Namnestrid engasjerer

Namnestrid skapar engasjement. Og dei som bur på Opstad i Midsund meiner at namnet må vere Opstad. Sjølv om Statens Kartverk har avgjort at det skal heite Oppstad.

Opstad

Dei som bur på Opstad meiner at namnet må vere Opstad. Frå venstre: Bjørn Opstad, Lars Rikard Klauset, Odd Arne Opstad, Magny Klauset, Reidun Solenes Opstad, Olav Inge Opstad og framme med sparksykkelen Emma Eikrem Klauset.

Foto: Odd Fremstedal/Øyavis

Trass i protestar både frå kommune og oppsitjarar, har Statens Kartverk bestemt at namnet heretter skal skrivast Oppstad og ikkje Opstad.

Bygda i Midsund har ikkje gitt opp namnekampen. No står kommunen samla for å få tilbake namnet og har sendt klage for å gjere om vedtaket.

– Vi har ikkje fått vere med på noko vedtak om namneendring, og det irriterer oss, seier Agnar Opstad til NRK.

– Vi som bur der må vere ein naturleg høyringsinstans, legg han til.

Kartverket bygger sitt vedtak på ein uttale frå Språkrådet. Namnekonsulentane her tilrår anten skrivemåten Ufsstad som dei meiner er i samsvar med den nedervde uttalen og opphav, eller Oppstad som er i samsvar med dagens uttale og skrivemåte.Sidan Oppstad samsvarar med tidlegare normeringspraksis, og denne skrivemåten ligg nærare opp til Opstad som grunneigarane og kommunen har gått inn for, har Statens kartverk enda på Oppstad.

Det skriv Øyavis .

Høyr intervjuet med Agnar Opstad under:

Har namnet der du bur vorte endra? Kva meiner du?

Diskuter under!