Hopp til innhold

Nakkeskadde Eirik (23) kjempa for å få studere

Eirik Halle vart nekta NAV-støtte etter at han vart lam frå brystet og ned. Grunnen var at 23-åringen ville fullføre utdanninga si.

Eirik Halle frå Todalen vart nekta NAV-støtte etter at han vart lam frå brystet og ned. Grunngjevinga var at 23-åringen ville fullføre utdanninga si. Då Halle ville ta opp kampen og let seg intervjue av NRK, snudde plutseleg NAV. No meiner han at nokon må endre regelverket.

Eirik Halle frå Todalen kjempa ein lang kamp mot NAV for å få stønad.

Studenten og friluftsmannen Eirik Halle hadde livet framføre seg, men ei skjebnesvanger ulykke endra alt for nordmøringen.

Livet snudd på hovudet

I år står skia på gangen i Todalen. Den aktive mannen frå Todalen skulle ha brukt dei oppe i fjella no. I staden for er dei klargjorte for sal.

Etter ei skjebnesvanger stupeulykke på våren i fjor måtte 23-åringen gi opp mykje av livet sitt. Men ein ting nekta han å gi slepp på, studia sine i Marin teknikk ved NTNU.

– Det er eigentleg den delen av kvardagen min som har gitt meg mest følelsen av at ting er normalt. Eg sit og slit med eksamen slik som eg gjorde før, fortel Eirik Halle.

NAV-avslag

NAV avslo søknaden til Eirik Halle om å få stønad.

Foto: Erik Haukenes / NRK

Difor vart det opplevd som eit paradoks, at slitet han har lagt ned, plutseleg vart brukt imot han.

I et brev avslo NAV forvaltning alle søknadar om støtte frå sekkeposten arbeidsavklaringspenga. Grunngivinga var at han ikkje har gitt opp.

I avslaget frå NAV står det:

«Din søknad om arbeidsavklaringspenger er avslått da du studerer videre i et studie du begynte på før du ble utsatt før en ulykke.»

Til kamp mot NAV

NAV konkluderte altså med at skaden ikkje påverka 23-åringen sitt liv i stor nok grad til å få støtta innvilga. Slik opplevde ikkje Halle det sjølv.

– Fingerfunksjonane er påverka. Alt nedanfor har eg meir eller mindre mist kontakten med, fortel han.

Difor gjekk han til kamp mot eit system han meinte var feil. Han klaga inn regelbruken, men høyrde ingen ting før NAV vart gjort kjent med at han hadde late seg intervjue. Då tok det berre nokre dagar før NAV snudde.

For Halle er det ei gladmelding, men 23-åringen held fast på kritikken og meiner noko må gjerast med regelverket for å unngå at andre hindres i å nå målet om ei utdannelse og ein jobb.

– Når kroppen sine funksjonar er avgrensa, føler eg at eg må halde tak i det som eg har, og det er sinnet mitt.

Rom for skjønn

Avdelingsdirektør May-Kristin Sildnes i NAV Forvaltning skriv dette i ein epost til NRK:

«Vi mener det er bra for Eirik Halle at NAV Klageinstans finner at det er grunnlag for en omgjøring av det opprinnelige vedtaket.

I regelverket for arbeidsavklaringspenger er det rom for skjønn. Hvis du mener at du har fått feil vedtak, kan du klage på dette og få avslaget vurdert på nytt.

Når du klager, vil kontoret som fattet vedtaket vurdere saken din på nytt. Dersom vedtaket ikke endres her, blir klagen sendt videre til behandling hos NAV Klageinstans som vil overprøve saken i sin helhet. Denne to-trinns klagebehandlingen sikrer at vedtakene er i tråd med regelverket og at brukere får de ytelsene de har rett på.»