Eldar Nordstrand i Vigra Næringspark meiner etableringa vil vere eit løft for næringslivet i kommunen.
Sidan 1995 har Vigra næringspark arbeidd med å få det
150 000 kvadratmeter store området sør for flyplassen klart til utbygging. Til hausten er alt klart, og utbygginga kan starte.
Næringsparken har samarbeidd med Giske kommune, og Nordstrand trur næringsparken vil vere eigna for mange ulike typer verksemder. Han nemner hotell, utstillingslokale, lager og kontorområde.
Næringsparken vil vere noko av det første som møter mange av dei reisande som kjem til Sunnmøre, og difor legg ein vekt på å få til fine grøntområde.