Hopp til innhold

Næringslivsleiar svindla til seg over 600 000 kroner

Då han fekk økonomiske problem på heimefronten, klarte ikkje næringslivsmannen å motstå freistinga. Romsdalingen klarte å lure både arbeidsgjevaren sin, fotballklubben og lokalpartiet for fleire hundre tusen kroner før han blei oppdaga.

Norges lover tingrett

Ein næringslivsmann klarte å lure til seg over 600 000 kroner før nokon fatta mistanke om kva som skjedde i det skjulte.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

I over to år gjekk føre seg pengesvindelen som førte til at næringslivsleiaren klarte å svindle til seg til saman 635 929 kroner. Mesteparten kom frå hovudarbeidsgjevaren hans, men han tok også pengar frå fotballklubben og det politiske partiet der han var involvert.

– To års mareritt

I forklaringa si i Romsdal tingrett sa mannen at dei siste to åra har vore eit mareritt. Saka har vore mykje omtalt i lokalsamfunnet, og dette har råka hans næraste hardt.

Då den nye arbeidsgjevaren hans blei klar over kva han var tiltalt for, blei han sagt opp, og no er han arbeidsledig.

Lagde falske reiserekningar

Det heile starta ifølgje dommen i mars 2013. Romsdalingen hadde store pengeproblem etter eit samlivsbrot, og klarte å lure til seg nesten 50 000 kroner frå fotballklubben der han hadde eit tillitsverv. Dette gjorde han ved å lage falske reiserekningar og late som om han hadde kjøpt ein pc til klubben.

Den same sommaren klarte han også å svindle til seg over 20 000 kroner frå det politiske partiet der han var med.

Verst har det likevel gått utover hovudarbeidsgjevaren hans. Her lurte han til seg over 550 000 kroner, mellom anna ved bruk av eit kredittkort, som på det meste var overtrekt med 110 000 kroner.

Vedgår alt og har starta nedbetaling

I retten vedgjekk mannen alt han har vore med på, og viste til at han allereie har betalt ned over 500 000 kroner. Håpet no er å få nytt arbeid, slik at han kan betale resten av gjelda.

Retten meiner mannen har gjort seg skuldig i grovt tillitsbrot mot både arbeidsgjevaren sin og dei frivillige organisasjonane, som han har svindla.

Medan forsvararen bad om samfunnsstraff, konkluderer retten med at det ikkje er rett. Det blir også vist til at han tilstod umiddelbart då han blei oppdaga, og at han har betalt tilbake mesteparten av det han har svindla til seg.

No må han i fengsel i fem månader. I tillegg er han dømd til å betale restgjelda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL