Hopp til innhold

Næringslivet vil støtte skulen

Det har vore eit møte i dag mellom dei politiske partia i Rauma og næringslivet i Måndalen om bygging av ny skule i Måndalen. Fleire investorar har lagt fram eit forslag, der dei ser for seg at dei kan støtte med rundt 30 millionar kroner, ifølge Katrine Wold Deunk, administrerende direktør i Wenaas Workware. På grunn av vanskeleg økonomi i Rauma har rådmannen foreslått å flytte ungdomstrinnet til Åndalsnes.