Hopp til innhold

Næringslivet tar ingen virus-risiko

Bedrifter med eit utstrakt samarbeid med Kina, følgjer nøye med på sjukdomsutbrotet. – Vi vil ikkje gamble med helsa til dei tilsette, seier møbelkonsernet Ekornes.

Ruihai Zhao inspiserer fabrikken

Ekornes har kinesiske eigarar. Mange frå Sykkylven drar til Kina og motsett.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Coronaviruset har ført til at 20 millionar kinserarar har fått reiseforbod og fleire turistattraksjonar er stengte.

NHO opplever av at handelen og investeringane opp mot Kina har auka dei siste to åra, og dermed har også reiseaktiviteten blitt større.

Tar ingen sjansar

Stressless-produsenten Ekornes i Sykkylven har kinesiske eigarar, og konsernsjef Olav Holst-Dyrnes seier dei følger nøye med på Corona-utbrotet.

– Folk reiser ofte herifrå til Kina og motsett. Vi har salsavdelinga vår i Shanghai, og eigarane våre Qumei Home Furnishings Group sit i Beijing. Det er langt unna Huanggang, men naturlegvis er vi opptatt av å passe på våre tilsette likevel, seier Holst-Dyrnes.

Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes

Konsernsjef i Ekornes, Olav Holst-Dyrnes.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Det er kinesisk nyttår, og dermed er det ingen som er i Kina frå Ekornes akkurat no. Når forretningsverksemda tar til igjen om ei veke, vil dei vurdere situasjonen på nytt.

– Eg ville ikkje sendt folk til Huanggang no, og eg vil aldri ta sjansar med dei tilsette si helse, så vi følger med og tar konkrete vurderingar når det trengst, seier Holst-Dyrnes.

Konsernet følger utreiseråda til UD, og held også tett kontakt med dei kinesiske eigarane for å få råd om reise internt i Kina.

– Det er ingen grunn til å overdramatisere dette. Det er 120 mil frå vår salsavdeling i Shanghai til Huanggang. Så no ventar og ser vi, og tar konkrete vurderingar når det trengst, seier konsernsjefen.

Ingen reisestopp

Stokke, som produserer barneutstyr, har delar av tekstilproduksjonen sin i Kina. Dei norske tilsette drar difor hyppig til landet for å møte leverandørane. HR-rådgjevar Eilin Gule Hauge seier at enkelte tilsette har tatt kontakt for å få reiseråd.

– Det er ingen stopp i Kinareisene for vår del per i dag. Vi fylgjer råda frå styresmaktene, så fram til vi høyrer noko anna, er det business as usual, seier Hauge. Ho understrekar at bedrifta fylgjer situasjonen tett.

Dersom nokon av dei tilsette føler seg ubekvem med å reise, blir det tatt omsyn til.

– Då kan vi utsette turen eller avlyse den, seier Hauge. Stokke har også kontor i Shanghai med kinesiske tilsette. Også dei fylgjer styresmaktene sine råd.

Politi foran en stengt stasjon i Wuhan.

Politiet framfor ein stengt togstasjon i Wuhan. Byen er i karantene på grunn av utbrotet.

Foto: AP

Overvakar situasjonen

Bedrifta Laader Berg i Ålesund produserer maskiner som blir brukt til skumplastproduksjon, og Kina er ein viktig marknad for dei. Administrerande direktør Per Henning Vågen seier dei har planlagt reiseverksemd til Kina når nyttårsfeiringa er over om ei vekes tid.

– Men vi overvakar situasjonen, og vi vil ikkje utsette våre medarbeidarar for risiko. Vi må berre vente på og sjå korleis det utviklar seg, seier Vågen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL