Hopp til innhold

Næringslivet ønskjer storkommune i Romsdal

Næringslivet forheld seg lite til kommunegrenser. I eit møte med statsråden før helga tok mange næringslivsleiarar til orde for ein storkommune i Romsdal.

Næringslivsleiarar møtte statsråd Jan Tore Sanner i Molde

Næringslivsleiarar møtte statsråd Jan Tore Sanner i Molde. Mange av dei ønskjer eit stor-Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Per Arne Rindarøy

Per Arne Rindarøy er leiar i Aukra Maritime og medlem av Aukra næringsråd.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg meiner vi skal tenke stort og tar steget fullt ut og slår saman alle romsdalskommunar no.

Det seier Per Arne Rindarøy i Aukra næringsråd.

Han meiner ei slik samanslåing vil kunne skape ein balanse i forholdet til sentrale styresmakter, fordi det vil gjere det lettare å nå fram med ein samla bodskap.

– Eg trur dette kan skape ein motvekt til det sentrale austlandsområdet for å halde på ungdom og sørge for næringsutvikling.

Vil ha heile Romsdal med

Rindarøy meiner det blir feil å gjere ei slik samanslåing utan at til dømes Rauma eller Vestnes er med.

– Eg meiner alle må med. Vi kallar oss alle romsdalingar, vi har felles dialekt og har Molde Fotballklubb som motor, så dette trur eg på.

– Men kor samla står næringslivet i Romsdal bak eit slikt ønskje?

– Eg kjenner ikkje alle sine individuelle standpunkt, men næringslivet kjenner som sagt ingen grenser. For oss er det kunden som er viktig, ikkje kommunegrensene.