Hopp til innhold

Næringslivet: – Regjeringa har lukkast

Næringslivet i Møre og Romsdal er frå seg av lukke. Endeleg har ønskedraumane deira blitt høyrt. I dag la den nye regjeringa fram forslaget til statsbudsjettet for 2014.

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven trur næringslivet vil få det godt under statsbudsjettet for 2014. Her med NITO-styremedlem Trond Smaavik under ein konferanse i fjor.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Dei vil prioritere å bruke handlingsregelen slik den regelen vart definert i utgangspunktet, nemleg å styrke næringslivet ved å satse på kunnskap og utdanning. Det er viktig for oss, seier Kjersti Kleven.

Ho er styreleiar i Kleven Maritime og Norsk Industri. Ho har også fått med seg at det blitt kutt på 0,1 prosentpoeng i formueskatten.

– Næringslivet ønskjer å ha den skatten heilt vekk, men det er ei rett utvikling iallfall, kommenterer Kleven.

Alt i alt føler ho at den nye regjeringa har høyrt på næringslivet i budsjettforslaget.

– Det er ei retning som er i tråd med det vi i næringslivet har spelt inn. Vi treng litt tid til å sjå på dei konkrete tala, men det er heilt klart positive tendensar.

Les meir: Regjeringen satser på vei og fjerner arveavgift

– Legg til rette for innovasjon

Gunvor Ulstein

Toppsjefen i Ulsteinkonsernet Gunvor Ulstein synest regjeringa har lagt til rette for meir innovasjon i næringslivet.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group, er einig med Kleven i at regjeringa no satsar på næringslivet.

– Det ser ut som dei har lukkast i å vri pengebruken i retning av kunnskap, infrastruktur og vekstfremjande skattelette, seier ho.

Blant anna er det aktuelt å utvide skattefunn-ordninga som gjer at ein kan drive innovasjon utvikle nye produkt og tenester inntil ein viss sum utan å skatte av det.

– Det er kjempepositivt for bedrifter som er nyskapande, seier Ulstein.

– Vidare vil det bli meir støtte til brukarstyrt innovasjonsarena som gjer at innovasjonen kan gå føre seg i bedriftene og ikkje berre i universitetsmiljøa. Det er kjempebra at regjeringa har teke desse signala, legg ho til.

Sjølv om ho no føler at næringslivet har regjeringa i ryggen, står det likevel står det att nokre kampar for regionen, seier Ulstein.

– Eg skulle gjerne ha sett fastlandssambandet HAFAST nemnd. Det får vi jobbe vidare med. Det er viktig for å trekkje gode folk til regionen, trur ho.

Håper på meir til kommunane

Nestleiar i NHO i Møre og Romsdal, Roald Røsand, jublar over det han har fått med seg av budsjettforslaget til no.

Roald Røsand

Nestleiar i NHO Møre & Romsdal, Roald Røsand, håper kommunane også vil nyte godt av det nye statsbudsjettet.

Foto: Privat

– Det eg høyrte frå ministeren under presentasjonen var veldig positivt, det må eg innrømme, seier han.

Han seier det er mange ting i budsjettet som NHO har jobba for i mange år.

– Formueskatten er redusert og arveavgifta er fjerna. Det er meir til samferdsel og skjemaveldet skal forenklast, seier han.

Røsand har ikkje fått tid til å gå så grundig inn i tala, men håper å finne teikn til at også kommuneøkonomien blir styrka.

– Utan at eg har sett tal på det, så håper eg at det er tilfelle, seier han.

– Trur du det blir betre tider?

– Vi har gode tider! Men det må heile tida ein stimulans til. Vi må ha rammevilkåra som samferdsel på plass, men med dei signala eg har fått i dag så synest eg regjeringa har tenkt rett, seier Røsand.