Hopp til innhold

Næringslivet fryktar straumrasjonering

Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) fryktar produksjonsstans på grunn av skyhøge straumprisar og kraftmangel.

Høyere strømpriser

Næringslivet kan merke konsekvensane av dei høge straumprisane. No fryktar NHO at det skal råke små og mellomstore bedrifter spesielt hardt.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

NHO frykter ei stor auke i straumprisen heilt fram til mai. Regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, seier næringslivet kjem til å merke dei auka straumprisane i tida som kjem. Ho fryktar også stans i produksjonen dersom for lite straum på nettet fører til straumrasjonering.

– Vi veit at straumrekningane som kjem i januar er veldig høge. Vi veit også at det kan verte ein mykje dyrare vinter enn i fjor. Då er det mange små og mellomstore bedrifter som vil få problem med dei store ekstrakostnadane, seier Ytreberg.

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, trur mange bedrifter går ein tøff vinter i møte.

Les også:

– Dette vil først og fremst råke alle bedrifter som ikkje har langsiktige avtalar, men som får straumrekning etter spotpris. Det er ikkje berre ein særskild bransje som vil slite. Alle som brukar straum, både landbruket, gartnarar, den maritime industrien og restaurant- og hotell-næringa vil sjå konsekvensane av dei høge straumprisane om dei ikkje allereie har merka dei. Året 2010 har vist oss ein ting, og det er at 2011 vert enda verre, understrekar regiondirektør for NHO i Trøndelag, Merethe Storødegård.

Ho meiner det er på tide at regjeringa og stortingspolitikarane no kjem på banen for å ta tak i problemet.

– I ti år har vi snakka om at dette kan skje. Her i Midt-Noreg går kraftprisane til himmels, og det går utover bedriftene. Ingen av dei som kan gjere noko med situasjonen, tek oss på alvor. No må både næringsliv og privatpersonar seie ifrå og noko må skje før bedrifter går under, seier ei svært bekymra Storødegård til NRK.

Merethe Storødegård

Merethe Storødegård er regiondirektør i NHO Tøndelag. Ho er uroa for dagens situasjon.

Foto: NRK

Bedrifter merkar dyrare straum

Det kostar å vere næringsdrivande for tida. Og å drive hotell er berre eit døme. Her er det varme bad, lys på alle rom, oppgangar, parkeringsanlegg, og ikkje minst, matlaging.

– Vi merkar det godt på straumprisane no, seier Sven Erik Moe som er dagleg leiar i Ålesund Hotelldrift.

Han driv tre hotell i Ålesund.

Moe seier dei allereie har betalt mykje meir for straumen enn dei hadde venta.

– Vi brukar store mengder straum kvar einaste månad. Ser vi på kostnadane tilbake til november, så ser vi at straumprisane har ført til vesentleg større kostnader for hotella våre, legg han til.

– Vi er i ein bransje der vi lagar mykje mat, og då brukar vi automatisk mykje straum så vi merkar det godt, påpeikar hotelldrivaren.

Sven Erik Moe

Sven Erik Moe som driv tre hotell i Ålesund, fryktar for dei høge straumkostnadane. Spesielt for overnattingsbransjen som er avhengige av straum til lys, oppvarming av vatn og matlaging.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Les også:

Ser mørkt på resten av vinteren

Lite vatn i magasina og kaldt ver fører til eit straumnett som er tynt til bristepunktet. Det er situasjonen som ventar bedriftene dei første månadane i 2011.

– Eg trur det vert tøft for mange, særleg mindre bedrifter med små marginar. Det vil gå utover resultatet. Dersom vi går tilbake eit år og ser på resultata for bedrifter som leverte overnatting, viser statistikken at ein av tre bedrifter ikkje greidde overskot. Då er det klart fleire vil slite, seier Sven Erik Moe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL