Hopp til innhold

Over 80.000 har sett Nikka (99) på Facebook

Siste døgnet har det strøymt inn gratulasjonar til Nikkoline Myren Grønning, som fylte 99 år i helga. Nikka blei landskjend då NRK laga dokumentar om henne.

Slik vart Nikka feira då ho fylte 99 år.

Nikka fekk mange helsingar under feiringa sist helg. No får ho svært mange helsingar via NRK Møre og Romsdal si Facebookside også.

Ho blir hylla av kjende og ukjende. Heilt sidan i går kveld har folk frå nær og fjern sendt inn gratulasjonar via Facebook-sidene til NRK Møre og Romsdal. Måndag kveld sende NRK tv-innslag om bursdagsfesten hennar, og det sette fart i gratulasjonane.

Gratulerer til Nikka. Eit herleg menneske! skriv ei av dei tysdag formiddag.

Les også:

Lovord frå alle hald

Nikka et kake i 99-årsdagen sin

Nikkoline Myren Grønning feira dagen sin i helga med eit stort kakebord.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Så langt har over 80.000 menneske sett Facebook-reportasjen om Nikka, og 150 har sendt inn helsingar der. Mange nøyer seg med å gratulere, men enkelte har meir på hjartet.

– Det er vel difor denne høge alderen, fordi ho er så nydeleg inni og utanpå, skriv ei.

Ei anna kommenterer:

– Nydeleg dame. Tenk om alle var som henne! Då hadde det vore ei fin verd.

– Håper eg blir som henne, skriv ei anna.

Overvelda over helsingane

Nikka

Nikka blei feira av naboar, slekt og vener i helga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dagen derpå er Nikka sjølv overvelda over merksemda. Ho seier at det har strøymt på med blomster og helsingar. Slektningar med Internett har lest opp helsingane til henne, som er komne inn til NRK.

– Å, du store tid. Det er heilt utruleg! seier ho, som er mor til to, bestemor til fem og oldemor til tre.

Kvifor trur du folk blir så imponert over deg?

– Eg forstår det ikkje, eg er jo berre eit alminneleg menneske, seier ho, og ymtar frampå om at det kan vere bakinga, eller det at ho er i godt humør og snakkar med alle.

Landskjend etter tv-dokumentar

Kakebordet til Nikka

Kakebordet til 99-åringen i helga.

Foto: Sissel Brunstad

99 år gamle Nikkoline Myren Grønning blei landskjend då NRK laga dokumentar om henne i 2013. Her fekk dei møte eit kvardagsmenneske som ser lyst på livet, og som er glad både i menneska og naturen. Ho bur i Valldal i Norddal kommune, der ho vaks opp. I mange år har bygdefolket hatt glede mellom anna av kokkekunstane hennar.

– Ei slik kjempedame fortener all oppmerksomhet ho kan få. Det er ei glede å sjå henne på skjermen, er ordlyden i ei av helsingane til Nikka.

Vi føler vi kjenner henne, vi som berre har sett henne på tv, skriv ei anna.

Ein har sendt inn dikt til Nikka i samband med 99-årsdagen:

«Ho er eit jamenneske og kler namnet Nikka

Heile livet sitt har ho laga til mat og strikka

Ei festleg jente så ven og vittigfeirar bursdag nummer niognitti!

Ja, ei slik fantastisk dame kunne vel ha heitt "Sol Sikka»

Nytt gjensyn med Nikka på NRK

Nikka Myren Grønning

Nikka Myren Grønning er kjend for bakekunstane sine.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

99-åringen, som har proklamert at ho gjerne vil bli 110, seier ho ikkje kan forstå at mange syns det er så skummelt å vere på fjernsyn. Sjølv likar ho det godt.

Kan du forstå at somme er så redde? Eg kvir meg ikkje, slår ho fast.

Og allereie fredag er det gjensyn med henne i Norge Rundt på NRK1. 1. juledag blir det sendt ein annan episode i den same serien, klokka 19.45.

Ein av gratulantane skriv denne helsinga:

Gratulerer med dagen, ønskjer henne velkommen på tv igjen!

Norsk dokumentar. Livsglede og virkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.