Nærare å finne smittekjelda

Mattilsynet har no slått fast kva for type E.coli-bakterien den tre år gamle barnehagejenta frå Sula er smitta med.

St. Olavs Hospital

ST. OLAVS HOSPITAL: Ei tre år gammal barnehagejente frå Sula er lagt inn på St. Olavs Hospital i Trondheim med E. coli-smitte. Mattilsynet er no eitt steg nærare å finne smittekjelda.

Foto: St. Olavs Hospital

Det skriv smp.

Mattilsynet er no eitt steg nærare å finne smittekjelda til E. colibakterien.

– Vi har fått opplyst at ho er smitta av bakterietypen Escherichia coli O157. Det gjer at vi er eitt steg nærare å finne smittekjelda, seier Lennart Floyd Berge, seksjonssjef hos Mattilsynet i Ålesund til NRK.no.

Mattilsynet har tatt prøver både i barnehagen, heime hos barnet og andre stader det kan vere tenkeleg at smitten kjem frå. Prøvene er sendt vidare til Veterinærinstituttet i Oslo for nærare undersøkingar.

– Escherichia coli O157 er ein ganske vanleg bakterietype, men det gjer likevel leitinga etter smittekjelda enklare. Det gir ein oss ein leietråd i leitinga, seier Berge.

Det er framleis ukjent korleis treåringen blei smitta av E. coli-bakterien, men ifølgje Berge kan ein vente svar frå Veterinærinstituttet i løpet av eitt par dagar.

Framleis alvorleg

Jenta vart først lagt inn på sjukehuset i Ålesund, der det vart påvist at ho var smitta av ein alvorleg E. coli-variant. Sist veke vart barnet overført til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Måndag var tilstanden til jenta framleis alvorleg, det opplyser St. Olavs Hospital på sine nettsider. Tilstanden til treåringen skal vere stabil, men ho ligg framleis på intensivavdelinga ved sjukehuset i Trondheim.

Viktig med god handhygiene

Til no er det ikkje meldt om fleire tilfelle av E. coli-smitte i Sula, men kommunelege Silje Elisabeth Hagen seier dei har informert alle barnehagar om å ha god handhygiene.

– Det er viktig at ein tek dei forholdsreglane som er nødvendig i ei slik sak, seier Hagen.

E. coli-varianten som jenta er smitta med blir sett på som alvorleg, og Hagen anbefaler alle som mistenker at dei er smitta om å oppsøke lege.

Utforskar fleire moglegheiter

Kommunalsjef i Sula, Anne Grete Skjærseth, seier til NRK at ho vart varsla om saka torsdag kveld. Fredag sende kommunen ut informasjonsskriv til alle barnehagane i kommunen, med råd til foreldra.

– Det er eitt barn som har blitt sjuk, og hadde smitten kome frå barnehagen, trur vi at fleire barn hadde blitt smitta, seier Skjærseth.

Distriktssjef i Mattilsynet, Kristin Ness, seier at dei fekk førespurnad frå kommuneoverlegen og Folkehelseinstituttet om å bidra i saka.

– I tillegg til å ta prøver av matvarer, gjennomfører vi også intervju med foreldre, besteforeldre og barnehagetilsette for å finne ut kva barnet har ete, seier Ness.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.