Hopp til innhold

Nådde ikkje fram med ungdomsopprør

Senterungdommen i Molde nådde ikkje fram med protestane mot at Senterpartiet valde borgarleg side i kommunestyret fram for eit raudgrønt samarbeid. Leiar i senterungdommen i Molde, Betzy Elise Iversen vil framleis vurdere om ho skal melde seg ut, medan nestleiar Alexander Raudøy er klar på at han tek eit farvel med Senterpartiet. Leiar i Molde Senterparti, Rolf Arne Hamre (bildet), seier at valet av side er gjort og at eit medlemsmøte ikkje kan endre på dette. Avtalen er signert, det er fleirtal i kommunestyregruppa og stor tilslutnad til avtalen elles i Molde Senterparti, seier han.

Rolf Arne Hamre (til venstre) under folkemøtet om bypakken i Molde
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL