Fem av naboane her har blitt sjuke av flåttbit

HAREID (NRK): Småbarnsmora Iselin Nevstad Øvrelid blei alvorleg sjuk av borreliose, men fann ut at ho ikkje var åleine. I kvart einaste hus i det vesle nabolaget har folk vore ramma av plagar etter flåttbitt.

Nabolag plaga av flått

Elsa Gjerde, Else Oksavik, Iselin Nevstad Øvrelid, Kåre Oksavik og Tarje Dimmen Riise har alle hatt borreliose-plagar som følge av flåttbit. I huset nedanfor bur Hans Otto Rise, som har hatt plagar i 14 år etter at han blei innlagt for borreliose.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det var i fjor sommar Iselin Nevstad Øvrelid fekk ein borreliainfeksjon med mellom anna smertar i armen, influensaverk i kroppen, ei brennande kjensle i musklane og hjernetåke.

Etter å ha snakka med naboane, fann ho ut at både utslett og infeksjon har vore uvanleg utbreidd i området.

  • Tre av naboane hennar har vore innlagde.
  • Ein annan har fått utslett fleire gonger, no sist i sommar.
  • Mannen hennar blei biten og fekk utslett tidlegare i sommar.
  • Så fekk ho vite at også naboguten hadde begynt på antibiotikakur mot borrelia.
Naboane på Rise

Til saman er det minst fem naboar som har blitt ordentleg sjuke av borreliose dei siste 20 åra, og to som har fått borreliose-utslett. Det er kun dei NRK kjenner til.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I fjor blei 366 personar smitta av lyme borreliose i Noreg, ifølge Folkehelseinstituttet. Møre og Romsdal har hatt flest tilfelle etter Vest-Agder og Hordaland sidan 2016. Rundt 7000 får utslett kvart år.

Dei synest det er spesielt at så mange har blitt smitta akkurat her på Rise.

Det er ikkje orm vi er redde for på Rise.

Nabo

Gjekk uviten i månader

Tarje Dimmen-Rise

– Vi har ikkje funne noko flåttbit på meg, så det var ei overrasking at det var borrelia, seier Tarje Dimmen Riise.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Den siste naboen til Øvrelid som blei sjuk, er den yngste. 18 år gamle Tarje Dimmen Riise begynte å kjenne på hovudverk i fjor haust. Han gjekk med smerter i fleire månader før han blei tipsa om å ta borrelia-test.

– Det var spesielt tungt om morgonen, og det har vore vanskeleg å kombinere med fotball og idrettsline, seier Dimmen Riise.

Fryktar for ungane

Øvrelid blei betre etter to vekers antibiotikakur, men kjente seg langt frå heilt frisk. Fordi ho ikkje fekk meir hjelp, valde ho å reise til utlandet for å få behandling der.

No er tobarnsmora redd for at barna skal få det same.

Iselin Nevstad Øvrelid

– For ikkje så lenge sidan så plukka eg flått av begge jentene min i sandkassa utanfor. Det skal ikkje meir til enn å gå ut i hagen, seier Iselin Nevstad Øvrelid.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg sjekkar ungane mine for flått kvar dag. Eg unner ingen å gå gjennom det helvetet eg har hatt det siste året, seier Øvrelid.

Naboen til Øvrelid har gjort seg opp ei meining om kvifor det er så mykje flått i nabolaget.

– Det er heilt utruleg kvar dei finn på å bite, eg sjekkar kvar dag før eg legg meg.

Kåre Oksavik

Hjorten drar med seg flått

Rise er nemleg den staden i Hareid det er mest hjort, og ein av plassane hjorten kom først etter krigen. Kåre Oksavik (90) er hjortejeger, og meiner det er dyret som har skuld i at det er så mykje flått her.

– Det er så mykje hjort rundt om på Rise og Nevstad. Du kan risikere å bli smitta i hagen, like gjerne som oppi skogen. Dei legg igjen smitte over alt, dag og natt, heile året, seier Oksavik.

Kåre Oksavik

Det har blitt rutine for Kåre Oksavik om kveldane å fare over alle område der det er sjanse til å feste seg flått, der det er tynn hud.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Oksavik blei sjølv ramma av det han kallar for «første åtak» i år 2000. Antibiotika-behandlinga fungerte, men etter to år fekk han det igjen og bakteriane var blitt resistente.

– Eg var ikkje sjuk nok til å få behandling på sjukehuset, meinte dei. Då sa fastlegen at vi får prøve med tablettar. Det tok eg i ti år før eg blei heilt frisk, fortel Oksavik.

Hjort

Totalt blei det talt 463 hjort i Hareid kommune i løpet av to dagar i mai, ifølge kommunen. Det er eit av dei høgste tale dei siste åra.

Foto: Arne Flatin

Biolog Yvonne Kerlefsen ved Flåttsenteret bekreftar at der det er mange hjortedyr, er det ofte mykje flått. Dei er svært viktige for å halde flåttbestanden oppe.

Synest ikkje omfanget er ekstremt

Lege ved flåttsenteret, Harald Reiso, synest ikkje situasjonen på Rise er så spesiell, fordi det er fordelt over mange år.

Iselin Nevstad Øvrelid

Ïselin Nevstad Øvrelid meiner borreliose ikkje blir teke seriøst nok av helsestyresmaktene, og at ein får for lite hjelp. Etter åtte månader og mange turar, kjenner ho seg nesten kvitt alle plagane, seier ho.

Foto: privat

Øvrelid blei testa positiv for borreliose med blodprøve i Noreg, men ryggmergsprøva blei negativ, og ho blir difor ikkje rekna som eit sikkert tilfelle. Ho meiner det blir lagt for mykje vekt på desse prøvane i Noreg, og er kritisk til flåttbehandlinga ein får her.

Etterlyser meir forsking

Øvrelid skulle ønske ho fekk meir enn to veker antibiotika i Noreg, og at det blei forska meir på behandling av Borreliose.

– Dei forstår det nok ikkje før dei kjenner det på kroppen sjølv, seier Øvrelid.

Flått

Sjølv om redselen for flåttbit sit godt i kroppen til Iselin Øvrelid, er ho oppteken av at ungane skal få leike fritt. – Dei må få lov til å få dei opplevingane ute i naturen som alle andre får, men eg kvir meg for å gå opp i skogen sjølv, seier ho.

Foto: NRK

Erfaring viser at to veker skal vere nok, svarer lege Harald Reiso. Han viser til ein norsk studie frå to år tilbake, der 150 pasientar fekk behandling i 14 dagar og ingen fekk ettersjukdom.

Harald Reiso

Harald Reiso på Flåttsenteret seier han forstår at tilliten til legane kan rakne viss folk går lenge med plagar etter antibiotikakur, utan at dei får meir behandling. Han meiner etterplagane ofte ikkje skuldast aktive infeksjonar, men at kroppens immunforsvar lagar antistoffar som får kroppen til å reagere.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

– Det vanlege er at folk blir heilt bra, men har ein gått lenge med nevroborreliose før det blir oppdaga, er det god sjanse for at ein kan gå med plagar etterpå, seier Reiso.

Ei nordisk arbeidsgruppe flåttsenteret er med på, jobbar med å betre diagnose- og behandlingstilbodet for dei med som har vedvarande plagar.