Hopp til innhold

Naboar vil stenge asylmottak

Naboar til asylmottaket Husly i Molde krever at mottaket blir stengt.

Vil stenge asylmottak

Naboar vil stenge asylmottaket Husly i Molde etter å ha vitja huset.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Bjarne Hammer
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Bjarne Hammer besøkte i går dei 20 asylsøkarane som bur i huset
og han er rysta over det han fikk sjå.

- No er eg sjokkert. Vi visste at det var ein del personar som budde i huset, men at det skulle vere 20 stykker i dette huset hadde eg ikkje trudd. Eg syns det ser forferdeleg ut der inne, og det er ikkje ein standard vi kan vere kjent med å presentere for asylsøkjarar som kjem til Noreg, seier Hammer.

Må utbetre huset

20 menn frå 8 forskjellige nasjonar bur i det gamle bustadhuset i Grandveien i Molde. Nabo Bjarne Hammer er opprørt over kor trangt dei har det.

Video nsps_upload_2009_5_6_19_54_34_147.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Eg er mest sjokkert over det hygieniske, mangelen på orden i huset, mangelen på moglegheita til å ha fellesrom, fire-fem personar på kvart rom i køyesengar, fortel han.

Ola Sønderland
Foto: NRK

Driftsoperatør Ola Sønderland har fått krav frå UDI om å utbetre forholda ved fleire av sine mottak. Han seier ting er under kontroll.

- Det føregår utbetringsarbeid på det huset. Mellom anna skal vi opp med kapasiteten på bad, og vi skal ta i bruk fleire soverom, fortel han.

Video nsps_upload_2009_5_7_9_28_19_164.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Anne Siri Rustad i UDI meiner standarden på asylmottaket er uvanleg dårleg.

- UDI bør sjå på huset

Huset har ikkje lys i dusj og på bad, og toalettet er heller ikkje tiltalande.

Asylmottaket Husly i Molde

Naboar liker ikkje det dei såg inne på asylmottaket i Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Dette er ting som må skjerpast inn, fortel Sønderland.

UDI har gitt Sønderland frist til torsdag med å fortelje dei korleis han skal utbetre feila. Dei stolar på at han tek dette på alvor.

Men nabo Bjarne Hammer håper UDI vil stenge mottaket Husly snarast råd.

- Ja, UDI bør kome og sjå på huset, korleis det er. Dersom dei kan tillate at dette blir brukt vidare, så forstår ikkje eg UDI sin funksjon i Noreg, seier Hammer.