Hopp til innhold

Sint mann reiv opp tre hos naboen

To naboar i Ålesund krangla slik at politiet måtte rykke ut. Den eine mannen reiv opp eit tre og plasserte det ved inngangsdøra til den andre.

Politiet i Ålesund fekk melding om den oppheita nabokrangelen i Klokkersundet i Ålesund klokka 16. 29. Det var ei kvinne som ringde og sa at dei hadde ei sak på gang med naboen.

– Kvinna fortalde at naboen hadde rive opp eit tre og plassert det ved utgangsdøra deira. Rett etterpå meinte ho at den mannlege naboen gjekk til åtak på mannen hennar og bilen deira, seier operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet rykte ut på staden og megla mellom naboane. Dei gav beskjed om at den mest aktive mannen måtte halde seg borte frå dei andre.

– Ingen vart arresterte, men den fornærma parten kjem til å melde naboen, seier Bratland. Naboane har ei feide på gang om felles parkeringsplass og uteområde.

Laster Twitter-innhold