Hopp til innhold

Naboane protesterer mot søppellagring

Etter nyttår har søppel blitt lagra på Bingsa før det vert køyrt vidare. Naboane er kritiske. I dag starta det å brenne i ein enorm søppelhaug.

Etter nyttår har søppel blitt lagra ute på Bingsa, før det vert køyrt vidare. Naboane er kritiske.

Petter Arne Alvik likar ikkje å vere nabo til ei søppeldynge. Han fryktar fleire brannar.

Brann Bingsa

Både brannvesenet og Sivilforsvaret kjempa mot brannen.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Brann Bingsa

Årsaka til brannen er enno ikkje kjent. Brannvesenet har kontroll over brannen, men den vil ulme i fleire dagar.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
Brann Bingsa

Røyken låg utover heile nabolaget og folk vart oppmoda om å halde seg innandørs.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
– Vi likar ikkje søppellagringa. Eg har høyrt rykte om at det har vore fleire brannutrykkingar til dette anlegget dei siste vekene, seier Petter Arne Alvik.

Han er ein av dei næraste naboane til Bingsa og er talsmann i velforeininga i Olsvika i Ålesund. Då brannen starta klokka 13.18 i dag, fekk folk beskjed om å late att dører og vindauge og halde seg inne. Røyken som velta ut frå det brennande søppelberget var giftig. Barnehageungane i området fekk ikkje vere ute og leike seg.

– Det er lov å dumpe alt mogleg, så vi er uroleg for kva gassane kan innehalde, seier Alvik.

Han kjenner til fleire som rømmer husa sine fordi dei ikkje tør å vere heime.

LES OGSÅ:

Kritisk til hall også

Brann på Bingsa

Det var aldri fare for liv under brannen.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Det var ein søppelhaug på 500–600 tonn med industriavfall som tok fyr. Søppelet skulle fraktast til Tafjord kraftvarme og brennast der. Før tok Tafjord kraftvarme imot slikt industriavfall direkte, men fekk problem med at det ikkje var godt nok sortert og omnane vart øydelagt. Difor vert alt avfallet no mellomlagra på Bingsa og sortert utandørs.

Etter reglane skal sortering av avfallet skje under tak, og planen er å sette opp ein hall i løpet av året. Alvik meiner at ein hall ikkje vil gjere situasjonen betre.

– Det blir ikkje noko betre av å ha søppelet inne i ein hall. Problemet er det same, seier Alvik.

Vil ha betre varsling

Rundt påsketider sende velforeininga ein rapport til kommunelegen i Ålesund, der dei stilte ein del spørsmål rundt søppelanlegget. Blant anna etterlyser dei varslingsrutinar ved brann.

– I dag ser vi at mange hus stod med opne vindauge, fordi varslingsrutinane ikkje er på plass. Kommunen burde ha sendt ein sms, seier Alvik.

Alvik har lenge frykta at ein slik brann som i dag kom til å skje.

– Eg er redd for at det kjem til å skje fleire gongar framover, seier Alvik.

Lenge sidan sist

Brannvesenet stadfestar at det har vore fleire brannutrykkingar, men dette gjeld automatisk brannvarsling som vert utløyst av støv, damp og f.eks. eksos. Det er svært lenge sidan sist det var brann ved anlegget.

Teamleiar Per Oskar Slinning i Ålesund kommune seier at naboane ikkje skal vere uroa for fleire brannar.

– Avfallsanlegg er underlagt eit strengt regelverk som vi fylgjer. Ut ifrå våre risikovurderingar skal det ikkje vere farleg å bu i nærleiken av deponiet, seier Slinning.

Han seier at brann er noko som skjer både i private heimar og i industribedrifter.

Har fått sms

Fekk naboane god nok varsling slik som Alvik etterlyser?

– I samråd med politiet sende vi i kveld ut ei varsling på sms om at det er mykje røyk på grunn av ettersløkking og at vi anbefaler folk å late att vindauga, seier Slinning.

Burde den varslinga ha kome før?

– Dette vart gjort i samråd med innsatsleiar i politiet, svarer Slinning. Det er venta at det vil ta fleire dagar før brannen vert sløkt.

Det skulle vært full aktivitet på lekeplassen, men i Kulur barnehage, bare 500 hundre meter fra brannstedet, var de raske med å få barna i hus da brannalarmen gikk

Barnehagebarna fekk ikkje lov å vere ute på grunn av røyken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL