Hopp til innhold

Nabo hindra at brann spreidde seg

Ingen blei skadd då det byrja å brenne i ein tomannsbustad i Kristiansund natt til laurdag.

Branntilløp Innlandet

Det var like før klokka seks laurdag morgon at brannvesenet rykte ut til ein bustad på Innlandet i Kristiansund etter melding om eit branntilløp i ein kjellar.

– Brannen blei oppdaga av naboen som budde i den andre delen av tomannsbustaden, og brannvesenet fekk raskt sløkt brannen, seier Jan Helge Kjøl, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Ingen personskadar

Kjøl fortel at ingen av bebuarane blei skadd i brannen.

– Det som var skummelt var tidspunktet dette skjedde på. Heldigvis blei det oppdaga raskt, seier han.

Like etter klokka 07.00 skriv brannvesenet at dei køyrer ut med restverdiredningstenesta si etter branntilløpet.

Gjennom restverdiredning (RVR) samarbeider brannvesenet og forsikringsselskapa om å redde mest mogleg av verdiane etter brannar, vasslekkasjar eller andre skader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL