Hopp til innhold

Mystiske klumpar i Ulstein

Leiar ved Runde miljøsenter, Nils Roar Hareide, ber folk langs kysten undersøke om det har dreve i land mystiske klumpar også andre stader enn på Osnessanden i Ulstein. Vikebladet/Vestposten skriv at det dreiv i land fleire mystiske klumpar på denne staden torsdag . Både Hareide og marinbiolog Roger Kvalsund har undersøkt klumpane. Men det er framleis eit mysterium kva dette er, ifølgje lokalavisa. Klumpane er porøse og svampaktige. Dei flyt i sjøvatn og søkk i ferskvatn.