Hopp til innhold

Mystisk vesen frå havet

Eit vesen som heile tida skiftar form, som deler seg i mange bitar og som vante fiskarar aldri har sett maken til - dette fekk Jostein Størksen i breiflabbgarnet sitt torsdag.

Pølsemark
Foto: Jannicke Farstad / NRK

Jostein Størksen frå Brattvåg låg torsdag ved Vestnes og drog breiflabbgarn då han fekk sjå noko merkeleg som hang i garnet.

 

Jostein Størksen
Foto: Jannicke Farstad / NRK

 

Ukjent vesen

Ikkje var det tare og ikkje var det noko levande vesen han hadde sett før. Det som hang i garnet, var brunleg som ein ål, det var 75-80 cm langt, eit par cm breitt, 2-3 mm tjukt og heilt flatt. På kvar side var det ei kvit rand. Det hadde ikkje hovud, ingen finnar og ingen spord.

Då Jostein Størksen tok det av garnet og la det på romluka i båten, skifta det form frå flatt til rundt og bukta seg som ein orm. Etter ei stund hadde lengda minka til ca. 25 cm, men no var det blitt 5-6 cm breitt og fleire cm tjukt, og utanpå var det skrukkete som ein snigel.

 

 

Kraup under matta

På romluka låg det ei gummimatte med spor i. No kraup den mystiske skapningen under matta. Etter ei stund stakk noko som likna eit hovud fram, men uten auge. Ein spiss på 1-2 cm stod ut, og det som likna eit hovud, vifta på seg og skifta form heile tida til det forsvann under matta igjen.

Delte seg

Pølsemark
Foto: Jannicke Farstad / NRK

Etter ei stund løfta Størksen på matta. Då hadde vesenet delt seg opp i åtte flate bitar av ulik lengd, som om dei skulle vore skorne med kvass kniv, og alle bitane var det liv i! Den største biten var den som likna på eit hovud, og den var i ferd med å dele seg.

Det mystiske vesenet låg på luka i minusgrader utover dagen. Då kvelden kom, la Størksen bitane i plastposar, og utpå kvelden var det framleis liv i dei. 

Gåta løyst

Fredag oppsøkte NRK Møre og Romsdal Jostein Størksen saman med akvarist Jan Einarsen, kjend bl. a. frå radioprogrammet "Naturtelefonen". - Himmel! sa Einarsen då han fekk sjå skapningen, som det enno var litt liv i. Han hadde aldri før sett dette dyret, men han visste kva det var: ein pølsemark.

 

Jan Einarsen i "Naturtelefonen"
Foto: Odd Sørås / NRK

Pølsemarken - eller pølseormen - er det stort sett berre forskarar som kjenner til. Dyret lever vanlegvis på djupt vatn - frå 60-70 og ned til fleire tusen meter. Det lever eit løyndomsfullt liv, og det er mykje vi ikkje veit om det, men det vi veit er eventyrleg. For eksempel lever hannane mesteparten av livet sitt inni hoa. Pølsemarken er også ekstremt elastisk, og har evna til å dele seg opp, fortel Jan Einarsen. Han kan ikkje seie sikkert kva som utløyste delingsprosessen denne gongen.