Det er framleis klang i fiolinen. Men det er framleis tyst frå alle som kan ha opplysningar om dette gamle klenodiet av eit musikkinstrument. Det var ein sein desemberkveld like før jul at fiolinen blei lagt på trappa til ein politibetjent i Kristiansund.
– Vi veit ikkje kven den tihøyrer og håper at vi kan få hjelp, seier Jan Inge Bugge på krimvakta i Kristiansund. Kanskje media kan hjelpe oss å finne eigaren, legg han til.
Både fiolinen og fiolinkassen ber preg av å vere godt brukte. Slitasje, støv og små sår tyder også på at fiolinen har oppnådd ein god alder. Og gjennom ein opning kan ein sjå produksjonsåret stå skrive på ein lapp inne i fiolinen. Året er 1839.
Tyder på folkemusikk
NRK fekk låne med seg fiolinen til musikarane i Operaen i Kristiansund. Musikarane ser på instrumentet med stor interesse. Det var slett ikkje umogleg å spele på fiolinen. Men stemt var den slett ikkje.
Måten fiolinen er bygd på kan seie litt om kva den har vore brukt til.
– Den har flat stol som gjer at ein kan spele på mange strengar samstundes. Eg trur den har blitt brukt til folkemusikk, seier svenske Odd Sonntag. Han trur det er lenge sidan fiolinen har blitt brukt. Det kan ein sjå på bogen, som ikkje er i god stand.
Inne i fiolinen står det også skrive at den har vore reparert i 1915. Dei ekstra strengane som ligg i kassa var vanleg å bruke på 30-40-talet.
Er ikkje utan verdi
Trond Harald Saltnes prøver å stemme fiolinen, men ein av strengane ryk med det same. Han skiftar strengen, men tør ikkje fortsette stemminga.
– Det går ikkje an å spele ordentleg på den fordi strengane tar nedi, men fiolinen kan vere god når det blir pussa opp. Det er ikkje godt å seie, meiner Saltnes.
Inne i fiolinen står det noko med sirleg skrift. Dei røynde musikarane klarer ikkje tyde kva som står der, men er samde om at det ikkje er Stradivarius, som er ein av verdas mest berømte fiolinmakarar i verda.
– Sjølv om fiolinen ikkje har ein kjent produsent, kan det vere eit godt instrument. Eg vil tippe at verdien ligg på mellom 10 og 15.000 kroner. Men dette er rein tipping, seier Sonntag.
Men kven har eigd fiolinen? Og kven la fiolinen på trappa til politimannen? Var det nokon som tilfeldigvis hadde funne fiolinen? Eller kan det ligge ei kriminell handling bak? Dette er framleis eit mysterium.