Myklebust fekk 8 av 12 poeng
Onsdag morgon gjekk startskotet for årets klassequiz og først ut var 10. klassingane ved Myklebust skule i Vanylven. Laget består av Siril Rusten, Oskar Vik, Carsten Øren og reserve Ruben Takseth Nystøyl. Dei har brukt juleferien godt til å gjere seg klare og det aller viktigaste for gjengen er å slå rivalane på Åheim barne og ungdomsskule. Dei skal til pers seinare i dag.
Slik gjekk det:
KATEGORI: AND
Hvilken and bor i Apalveien 111? (Donald Duck / Donald)
Hvilken farge har hodet til stokkand-hannen? (Grønn)
Hvilken lespende and opptrer gjerne sammen med Snurre Sprett? (Daffy Duck /Daffy)
Hvilken av disse finnes i norsk natur? Godbitand – lekkerand – snadderand (Snadderand)
Oscar synest kategorien var overraskande og det var meir utfordrandre enn han trudde. Dei svarte riktig på 2 av 4.
KATEGORI: DANS
Hvilket land kommer dansen samba fra? (Brasil)
Hvilken artist slo gjennom med låten og albumet «Just dance» i 2008? (Lady Gaga)
I hvilken taktart går en vals? (Tre fjerdedels takt)
Hvilken musikal handler om en gutt som vil bli ballettdanser? Billy Bremner – Billy Joel – Billy Elliot (Billy Elliot)
Der svarte dei feil på kva land sambaen kjem frå. Laget trudde svaret var Mexico og dermed fekk dei 3 av 4 poeng. Siril er nøgd med det.
KATEGORI: OLSEN
Hva er fornavnet til sjefen for Olsenbanden? (Egon)
Hvem er samferdselsminister i Norge? (Ketil Solvik-Olsen / Solvik-Olsen)
Hvordan er Ashley og Mary-Kate Olsen i slekt? (Tvillinger / søstre)
Hvilket kortspill kalles også «Olsen»? Gris – idiot – vri åtter (Vri åtter)
Også her fekk dei 3 av 4. Dei visste ikkje kva samferdsleministeren heiter og tippa Simen Olsen.
Dermed vart det åtte poeng til saman og det var gjengen ikkje heilt nøgde med.
– Det var midt på treet. Vi skulle ha klart eitt eller to poeng til, seier Oskar Vik.
Siril konkluderer med at ho ikkje er så god på kategorien and. No håper dei at Åheim får endå vanskelegare spørsmål.