Mykje regn kan føre til skred

Faren for flaum og jordskred aukar frå natt til søndag og vel eit døgn, meiner NVE, som har sendt ut varsel for delar av Vestlandet. Farenivået er det lågaste, men lokalt kan det kome opp mot 70 millimeter regn i døgnet i Møre og Romsdal. snøgrensa kjem ned mot 700-800 meter over havet når det kjem inn ein kaldfront søndag kveld.