Hopp til innhold

Mykje kan flyge gjennom lufta i kveld

Folk uroar seg for kor voldsomt det blir. På Alnes er vind og bølger velkjende fenomen, men folk er spente.

Vind og bølger, Alnes

Allereie i 12-tida var det ruskevêr på Alnes. Det blir langt verre utover ettermidagen og kvelden.

Foto: Remi Sagen

På Alnes i Giske møter vi mange som snakkar om vêret. Meteorologane melder at det kan bli orkan fleire stader i Møre og Romsdal fredag.

Når NRK er på Alnes skule bles fleire ting utover. Lærarane har si fulle hyre med å samle dei saman. Elevane spring og leikar på skuleplassen, ikkje langt frå bølgene.

Vind Alnes

Det er mykje som flyg gjennom lufta på Alnes skule.

Foto: Remi Sagen

Lærar Katrine Thu Utheim fortel at veret har vore tema i naturfagtimane i tredjeklasse, og at dette er noko elevane er opptatt av.

Vind og blest er ein del av kvardagen her ute, men det kan bli ekstra ille fredag kveld.

Slik herjet stormen Tor

Kraftig ruskevêr

Allereie midt på dagen kunne skuleelevane oppleve kraftig ruskevêr på Alnes. Og regn, bølger og vind er det dei snakkar om i friminuttet.

Elevar ved Alnes skule

Elevane ved Alnes skule følgjer med på vêrsituasjonen. Dei seier dei skal halde seg inne i kveld.

Foto: Tore Ellingseter

Elevane har lært at dei må passe godt på sakene sine her ute på kysten.

– Heime har eg tatt inn leikene mine, seier tredjeklassingen Andrea Lykke Fjørtoft.

Skal halde seg inne

Fleire av skulebarna seier at dei har tenkt å halde seg inne i kveld.

Vind Alnes

Bossdunken har velta i den kraftige vinden på Alnes.

Foto: Remi Sagen

Eleven Jonas Sebastian Buge Dyb seier at han kjem til å følge tett med på kva som skjer. Orkan er ikkje noko ein opplever til kvardags – ikkje ein gong på vindfulle Alnes.

Rett nedom skulen slår bølgene innover mot land. Det kan bli langt verre utover kvelden og natta...

Følg uværet her