I Volda vart ein mannleg bilførar i tjueåra stoppa for kontroll. Det var mistanke om rus.
Klokka 22.41 fekk politiet melding om at ein ATV hadde køyrd av vegen på Tornes i Fræna. Føraren, ein lokal mann i tjueåra, er mistenkt for promillekøyring.
Vist bort frå utestad
I Ålesund måtte to menn visast vekk frå ein utestad i sentrum etter at dei hadde laga støy og bråk på staden. Ein av dei følgde ikkje pålegga frå politiet, og vart sett i arresten.
Også i Sykkylven var det bråk på utestad. Bråkmakaren hadde forlaten staden då politiet kom.
Ulstein brannkorps var ute på brann i to søppelcontainerar i sentrum.
Heldt naboane vakne
I Molde måtte politiet tilkallast til eit nachspiel i Molde sentrum. Festdeltakarane heldt naboane vakne.
Festen vart avslutta. Gjestane vart sendt heim.
To lause tenner
Ein mann i tjueåra frå Fræna var på privatfest i Nesset. Han måtte køyrast til sjukehus med to lause tenner. Politiet veit kven som var gjerningsmann.
I Hareid kom to gutar i tjueåra i klammeri med kvarandre ved ei hytte. Politiet kom til staden og fekk ordna opp. Den eine av gutane var mistenkt for promillekøyring. Han måtte ha legetilsyn på grunn av skade i ein fot.
I Ålesund kom det melding om slåsting utanfor eit gatekjøken i sentrum. Og i same by fekk politiet melding om at ein person hadde fått slått ut ei tann. Gjerningsmannen vart ikkje identifisert.
Ville ikkje forlate staden
I morgontimane kom det melding frå Vestnes om ein plagsam, rusa mann utanfor eit privathus i Skorgedalen. Han ville ikkje forlate staden, og lagde bråk.
Klokka 05.00 avslutta politiet ein høglydt fest på Nordlandet i Kristiansund. Han forstyrra natteroa til folk i nabolaget.