NRK Meny
Normal

Mykje alkohol og krangel avslutta alkoholfri fest

Det gjekk truleg ikkje som planlagt for russen i Hareid, som skulle ha ein alkoholfri fest. I staden var det nettopp alkoholen, med påfølgande krangling, som gjorde at festen blei avslutta.

Politibil i Oslo

Særleg i Kristiansund var det fleire politioppdrag i løpet av natta.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Kranglinga førte til at ein mann blei sendt til legevakta med eit mindre kutt i hovudet.

Elles er det særleg politiet i Kristiansund som har hatt mange oppdrag i natt, og dei fleste knytte til bruk eller eventuelt misbruk av alkohol.

På Nordlandet måtte ein drosjesjåfør ha politihjelp med å få ut ein rusa passasjer i 01-tida. Ein times tid seinare blei to rusa menn i slutten av 30-åra bortviste frå sentrum. Ifølge politiet var dei hissige og truande utanfor ein pub.

Ein time etter det igjen somna ein mann i 20-åra i inngangspartiet til ein bank. Det var ikkje ein eigna stad i tilbringe natta, og mannen var heller ikkje i stand til å gå vidare. Han fekk sove vidare hos politiet.

I Kristiansund stoppa politiet dessutan ein bil i høg fart i sentrum, og då blei det oppdaga sterk lukt av hasj i bilen. Ein 18 år gammal passasjer blei meldt for å ha røykt marihuana.

To andre menn i Kristiansund er også meldt til politiet i løpet av natta. Den eine for å ha køyrt bil utan førarkort, den andre for å ha lånt vekk bilen til førstnemde.

I Molde somna ein rusa gut på eit hotell. Men dei hadde ikkje ønskje om å gi rom til guten, som i staden blei køyrt heim til familien.

Ein mann blei sett i arresten i Ålesund etter å ha slått til ein annan person. Han skal og ha vore agressiv mot politiet.